Kunsten hennar blir kopiert i Kina: – Det er umogeleg å stoppe

Då Trine Helen Sejrup begynte å designe og selje brosjer, ante ho ikkje kor stor interessa og marknaden var. Det siste året har ho opplevd at både privatpersonar og store nettbutikkar i Kina kopierer designet hennar.

Ved sidan av jobben som designar og illustratør, lagar Trine Helen Sejrup fargerike brosjer som ho sel gjennom nettbutikken sin «Northernspells».