Prisdryss til vestlandsforfattarane under årets Bragepris

Olaug Nilssen, Cecilie Løveid og Maria Parr gjorde nesten reint bord då ein av Noregs viktigaste litteraturprisar blei delt ut i kveld.

Publisert Publisert

VESTLANDSFORFATTAR: Olaug Nilssen blei nominert for boka «Tung tids tale», og fekk i kveld sin første Bragepris. Også Cecilie Løveid og Maria Parr fekk Bragepris tysdag kveld. Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

  • Ingvild Nave
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Tre av fem prisar gjekk til kvinnene frå vest under utdelinga i Dansens hus i Oslo i kveld.

Cecilie Løveid og boka hennar «Vandreutstillinger» fekk prisen i open klasse.

– No har eg akkurat stått her og grått med Olaug Nilssen, seier Løveid overlukkeleg når BT ringjer.

Boka blei nominert før den ein gong var gitt ut. Bergens Tidende sin bokanmeldar Gro Jørstad Nilsen, var rask på avtrekkaren då ho leste lyrikksamlinga tidlegare i haust.

Les også

Les anmeldelsen: Cecilie Løveid skriver utadvendt om kunst og krig

Allereie i overskrifta slo ho fast at boka burde vinne Brageprisen, og i dag slo altså spådommen til.

– For meg er dette ein fullbyrdelse av ein veldig lang veg. Eg har vore nominert to gongar før utan å vinne, og skrive mykje utan å bli nominert. No har eg venta lenge, og dette er jo den største og gjævaste prisen, seier Løveid.

VINNAR: Cecilie Løveid fekk i kveld Brageprisen for lyrikksamlinga «Vandreutstillinger». Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

– Direkte og slåande

I boka «Vandreutstillinger» skildrar Løveid historiske personar og kunstverk gjennom diktinga si, noko Bragepris-juryen har sett stor pris på.

«Enkeltdikta er direkte og slåande, medan samlinga som heilskap er gjennomkomponert som eit teaterstykke i tre delar», skriv dei i grunngjevinga for prisen.

Dette er Løveid sin første Bragepris. Ho var nominert i den skjønnlitterære kategorien i 2012, men til slutt blei det Lars Amund Vaage som fekk ta med seg prisen heim.

TAKKA: Olaug Nilssen hadde med seg to sider med notat til takketalen. Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

Ein hyllest til sonen

I den skjønnlitterære kategorien trakk Olaug Nilssen det lengste strået for boka «Tung tids tale», som handlar om ei sliten trebarnsmor og livet med hennar autistiske son.

– Eg har ønska meg denne talarstolen, så no må de tole to sider med tekst, sa Nilssen då ho starta takketalen sin.

– For meg er «Tung tids tale» ein politisk roman, og ei synleggjering av ei omsorgsoppgåve som er så krevjande at det ikkje nyttar å takle den aleine, heldt ho fram.

Nilssen har sjølv ein funksjonshemma son, og boka er såleis svært personleg.

Både sonen og skulen han går på fekk ekstra merksemd i takketalen.

– Denne prisen skal til Tveiterås skule om den får bli der den er no. Gjerne som dørhandtak om det går, sa Nilssen.

Juryen skriv i grunngjevinga for prisen at boka er «ei både rå og nyansert, kamplysten og sorgtung historie om kjærleik som krev alt ein har å gi».

PRISVINNARANE: Kari Grossmann, Thomas Reinertsen Berg, kulturminister Linda Hofstad Helleland, Maria Parr, Cecilie Løveid og Olaug Nillsen under prisutdelinga på Dansens hus. Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

– Utruleg glad og letta

– Det er herleg og godt å vinne for akkurat denne boka, fordi eg veit den betyr noko for fleire enn meg ut ifrå responsen eg har fått. Det har kome utruleg mange tilbakemeldingar.

Det er 12 år sidan sist Nilssen gav ut ein roman. Den gongen var det «Få meg på, for faen», som også blei godt motteken, og mellom anna filmatisert.

Dette er hennar aller første Bragepris.

– Eg er så utruleg letta og glad. No har eg sett litt på prisen, og veit ikkje om den vil fungere som dørhandtak, men den skal uansett til Tveiterås. Inspirasjonen var sjølvsagt alle Spellemannsprisane som er blitt dørhandtak på Garage, sa Nilssen etter utdelinga.

Les også

Olaug Nilssen: – Ein må innsjå at ein treng hjelp, og ikkje gå rundt og skamme seg for at det er slik

Barne- og ungdomspris til Maria Parr

Tidlegare i kveld fekk Maria Parr frå Vanylven prisen i barne- og ungdomskategorien for boka «Keeperen og havet».

Det er hennar andre, etter at ho vann i same kategori i 2009.

Brageprisen blir delt ut av stiftinga Den norske bokprisen kvart år med mål om å løfte fram ny, norsk litteratur. Det er ein av Noregs viktigaste litteraturprisar.

Heidersprisen gjekk til Kari Grossmann, medan sakprosaprisen blei delt ut til Thomas Reinertsen Berg for boka «Verdensteater»

Kulturminister Linda Hofstad Helleland delte ut prisane i kveld. Her får Maria Parr sin pris for boka «Keeperen og havet». Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

Her er alle som nominerte til årets Bragepris:

Skjønnlitteratur:

  • Rune Christiansen: «Fanny og mysteriet i den sørgende skogen», Forlaget Oktober
  • Matias Faldbakken: «The Hills», Forlaget Oktober
  • Olaug Nilssen: «Tung tids tale», Det Norske Samlaget
  • Ole Robert Sunde: «Penelope er syk», Gyldendal

Open klasse: lyrikk

  • Kristin Berget: «og når det blir lyst blir det helt fantastisk», Cappelen Damm
  • Jo Eggen: «Ruindikt», Aschehoug
  • Cecilie Løveid: «Vandreutstillinger», Kolon forlag
  • Knut Ødegård: «Tida er inne», Cappelen Damm

Barne- og ungdomsbøker

  • Helene Guåker: «Sveiseblink», Gyldendal
  • Mari Kanstad Johnsen: «ABC», Gyldendal
  • Hilde Matre Larsen og Mari Kanstad Johnsen (ill.): «Gutt og Jente later som», Cappelen Damm
  • Maria Parr: «Keeperen og havet», Det Norske Samlaget

Sakprosa

  • Thomas Reinertsen Berg: «Verdensteater», Forlaget Press
  • Ellen Støkken Dahl og Nina Brochmann: «Gleden med skjeden», Aschehoug
  • Monica Kristensen: «Amundsens siste reise», Forlaget Press
  • Marte Spurkland: «Klassen», Cappelen Damm
Publisert

Les videre

  1. Slik fikk Løveid sin revansj over kritikerne

  2. Olaug Nilssen: Stort å bli nominert til Brageprisen

  1. Litteratur
  2. Brageprisen