- Kjedeleg, fantasilaust boss

Den britiske storavisa The Guardian slaktar Kygo sin konsert på Bergenfest. Festivalen får likevel ros.

SLAKT: Britiske The Guardian slaktar Kygo sin konsert på Bergenfest. Vegar Valde

«About as rubbish as it sounds, boring, repetitive and unimaginative», skriv The Guardians utsende på Bergenfest om Kygo sin konsert på Bergenfest laurdag.

Fyrverkeriet og pyroshowet hjelpte heller ikkje på erfaringa til den britiske anmeldaren. Verre blir det av det mange utlendingar skryt av når dei vitjar Noreg — dei lyse sommarkveldane.

«The sun doesn't set in Bergen til after 11pm so the whole spectacle is performed in broad daylight», heiter det i avisa med ni millionar lesarar sin omtale. Konserten fekk elles god omtale av blant andre BT, som gav han fem av seks hjarte.

Röyksopp-ros

Den meir erfarne duoen Röyksopp får derimot ein god attest. Avisa meiner Kygo har litt å læra av dei, sjølv om det blir hevda at elektronikaduoen før opererte på grensa til heismusikk.

— No er dette vekke til fordel for euforiske danselåtar med pulserande beats, skriv avisa, som òg meiner elektronikaduoen viser Kygo korleis det skal gjerast. Ikkje minst får dei skryt for å klara det ingen andre gjorde, i anmeldaren sine auge, nemleg å få liv i det kalde, nordiske publikummet.

FÅR ROS: Röyksopp.

«They finally succeed where many others over the weekend have failed — getting this cool Nordic crowd to drop their inhibitions and lose their shirt a little bit».

«Liten festival»

Avisa gir Bergenfest gode kritikkar. Festivalen blir omtalt som liten med sine tre scener, og at den største av dei har plass til 7000 blir brukt som argument til nettopp det.

Elles får festivalen god kritikk, med karakteren tre av fem stjerner. Tori Amos, Bombino og Natalie Prass er blant artistane som blir positivt nemnt. Festivalen får òg ros for teltscena Magic Mirrors, og blir karakterisert som «ei eklektisk helg full av nostalgi, dans og regnklede», med tydeleg adresse til Bergenfest-programmet og vêret i vestlandshovudstaden. Festivalbyen blir elles omtalt som ein «ein liten hovudstad for fisking og fjordar».

Einig med The Guardianss anmelding? Bruk kommentarfeltet.

svp://100653