Festen er over, det er pizza igjen!

Vi har testa fem take away-leverandørar. Den mest kjente sviktar. <b>Se dommen!</b>

PIZZAGJENGEN: Er du sjuk, i dårleg form eller sliten orkar du kanskje ikkje gå ut døra for å skaffa deg middag. Denne gjengen tok støyten og pizzatesten for deg. Frå venstre Christine Birkenes, Johannes Aadland, Benjamin Hogstad og Johannes Eidem.

San Marino Pizzeria

San Marino Pizza

LandåstorgetKarakter: 5

Språkproblemer den største utfordringa om ein vil tinga pizza frå nye landsmenn her i byen. Fosswinckels gate blei på merksnodig vis til "Forsinkelsgate" på kvitteringa, men like merksnodig fann pizzabodet fram utan store problem. Pizzaen var med skinke og ananas, og smakte godt. Utsjånaden var det kanskje litt meir å seia på, men kva har ein i vente når ein strør lassevis med skinke— og ananasbitar over ei brødlefse? Uansett: kan trygt bli anbefalt dagen deretter. Og andre dagar.

SMAK:God smak på fyllet, bra botn. Pluss for å inkludera små rundstykke av pizzadeig.

PRIS:248 kroner for ein stor pizza med levering – midt på treet.

LEVERING:41 minutt frå oppringing til pizzaen var på døra – absolutt godkjent.

Peppes Pizza

Peppes Pizza

Danmarks plass, Olav Kyrres gate med fleire.Karakter: 3

Aiaiai, Peppes. Tre minutt venting på telefonen før me kom fram til eit menneske. Presentasjon på fornamn er heller ikkje like populært hos alle. Laaaaang leveringstid. Kald pizza. Sjampinjong frå boks (!). Ost som ikkje har smelta skikkeleg. Pinglete og dvaske kjøttbollar. Mjuk og elendig botn. Dyrt. Og kva er greia med kniv til rømmedressingen? Konklusjon: styr unna.

SMAK:Så dårleg at pizzaen ikkje blei oppeten. Det seier sitt.

PRIS:291 kroner for ein stor pizza med levering.

LEVERING:På slaget ein time etter bestilling. Lengst ventetid av alle.

Dolly Dimple's

Dolly Dimple's

Torgallmenningen, Bergen Storsenter med fleire.Karakter: 5

Den andrepizzagiganten i byen er så smarte at dei har ein pizza ved namn "Hangover". Eit naturleg val. Kort ventetid på telefon, kort leveringstid, triveleg leveringsgut. Og for ein pizza! Den falt i smak hos alle i testpanelet. Pizzaen er meir av ein amerikansk type enn italiensk, men det kan vera akkurat det du treng dagen etter. I tillegg er han litt sterk, så du blir nøydd til å drikka ein god del vatn. Det er ofte ein fordel, meiner panelet. Stiv pris, men god service og glimrande smak gjer dette til ein testvinnar.

SMAK:Sterk og god.

PRIS:299 kroner for stor pizza på døra.

LEVERING:32 minutt etter bestilling. Kjapt og effektivt.

Sandviken Pizza og Kebab

Sandviken Pizza og Kebab

Nye SandviksveienKarakter: 4

Så var detdette med språkproblema, då. Og geografikunnskapane. "Fosswinckels gate – kor er det?". Etter diverse forsøk på å forklara kor både gata og huset ligg, tre nye oppringingar frå pizzasjappa og tallause rare konversasjonar, blei me nøydde til å gå ned til Nygårdsgaten og næraste butikk for å henta pizzaen frå budet. Ei forklaring kan vera at dei held til på andre sida av byen, men det hjelper ikkje. Når sjølve pizzaen kom fram, var han ikkje så verst. God botn, og masse gode grønsaker på vegetarvarianten. Men Sandviken: det var synd med leveringa. Pluss for at bodet beklaga veldig, og var ein hyggjeleg type.

SMAK:Godkjent – ein favoritt blant nokre av paneldeltakarane.

PRIS:199 kroner for ein stor pizza med utkjøring. Billig!

LEVERING:Leverte ikkje på døra. Eit stort minus. Du gidd ikkje gå utfor dørstokken om det er dagen etter ein solid fest. Uansett tok det heile 34 minutt – det er jo ikkje verst.

Barillo Pizzeria

Barillo Pizzeria

HelleveienKarakter: 5

Barillo imponerer. Smakfull pizza med biff og pepperoni – god botn, men kanskje ein litt spesiell smak på fyllet. Kom høgt på lista i testpanelet. Bestillinga var relativt smertefri, og pizzaen blei levert på døra utan problem. Pluss for å levera med meny saman med pizzaen. Prisen matchar Dolly Dimple's – pizzaen er dermed ikkje av det rimelegaste slaget. Men pizzaen er absolutt å anbefala.

SMAK:God, men litt rar smak. Smakfull pepperoni.

PRIS:239 kroner for stor pizza på døra.

LEVERING:44 minutt frå telefon til pizza i handa.

Kva meiner du er den beste pizzaen i byen?

AKKURAT: Peppes Pizza leverte på døra innan ein time - så vidt. Her tar Johannes Aadland imot pizzaen frå bodet. Smaken var det dessverre verre med.

KJAPT: Dolly Dimple's leverte innan raske 32 minutt. Her tar Johannes Eidem imot.