No får høyrselshemma også nyte Jon Fosse

Jon Fosses dramatikk er skapt for å tolkast. No hentar Immaturus inn teiknspråktolkar til oppsetjinga av «Nokon kjem til å kome». Det burde fleire gjere, meiner Bergen Døvesenter.

– Nokon er her. Nokon kjem til å kome, seier Ho og ser seg i kring på scena.

– Det er berre vi som er her. Det er jo ingen her, seier Han.

Men Ho har rett. Det er nokon her.