– Det blei ikkje så diskré som eg hadde tenkt

– Det blei ikkje så diskré som eg hadde tenkt, seier Tine Adler. Ho vil med sitt kunstverk formidle ei tragisk kjærleikshistorie.

Med tittelen «With eyes closed, call me», inviterer Fakultet for kunst, musikk og design til årets masterutstilling, og 24 kunstnarspirer skal vise publikum kva dei har jobba med dei siste åra.