No gjev ho ut komedien DNS ikkje ville ha

Olaug Nilssen gjorde braksuksess då ho skreiv om livet med ein autistisk son. No tar ho eit humoristisk oppgjer med kulturmannen og forlagsbransjen.

Olaug Nilssen er sjukmeldt. Livet med den autistiske sonen Daniel, som mange har lest om i romanen «Tung tids tale», er ikkje blitt noko enklare fordi om boka blei ein stor suksess.