Ei underleg reise med Ari

Som journalist er han til tider god, men fri og bevare oss frå forfattaren og posøren Ari Behn.

Publisert Publisert

fjernsyn/dokumentar

«Øst for krigen — invitert av Taliban»

Ari Behn

Produsert for TV 2 av MTV Juritzen

Onsdag sender TV 2 Ari Behns Afghanistan dokumentar «Øst for krigen - invitert av Taliban». I filmen vekslar Behn mellom å vera journalisten med eit ønske om å formidla eit alternativt bilete av det afghanske folket, og å vera forfattar på tur. Han kjem best frå den første rolla.

Innleiingsvis formulerer Behn ambisiøse mål for filmen: «Målet med denne reisen er å finne den afghanske kulturen. (...) Jeg vil se hvordan kulturen overlever blant et folk i krig. Jeg vil til kilden for afghanernes og spesielt talibanernes tenkesett.»

Behn set seg høge mål, og når dei neppe. Men han klarar på ein svært sympatisk måte å formidla overraskande glimt av ein ukjent kvardag blant dei afghanske flyktningane i Peshawar. Behn gjer ein fin journalistisk jobb når han lagar reportasje om noko så ukjent som ei populær afghansk radiosåpe. Han er kjempegod i samtale med den 14 år gamle skodespelarinna, og kvinna som skriv manus til serien. Han blir med henne til ein flyktningleir, og får til eit sympatisk møte med kvinner han møter der. Han småpratar med to søstre som skal gifta seg.

I desse møta med vanleg folk står Ari fram som ein god journalist.

Men det er nettopp det han har sagt han ikkje er! Og i rolla som forfattar, posør og fri intellektuell får Ari Behn til tider eit komisk skjær. Det blir så uendeleg nok av Ari i mørk dress og kritkvit skjorte. Fokusert tett på i lange sekvensar i bilen og på gata. Ari med ryggen til i grå kaki speidande over grensa til Afghanistan, dit han aldri kjem.

«In my book, «Sad as hell», I try to make tragedy into comedy», seier Ari Behn til den 23 år gamle afghanske poeten, og særleg meir kjem det ikkje ut av det møtet.

Når han overnattar på talibanskulen, og sjølv seier han har nullstilt seg for å trengja inn i det talibanske tenkesettet, kjem vi vel ikkje så mykje nærare det talibanske tenkesettet enn vi har kome i eit utal reportasjar tidlegare. (Det viser seg at Ari Behn ikkje er særleg nullstilt heller). Når Behn tar på seg rolla som fri vestleg intellektuell og går inn i frisk debatt med talibanarane blir det i meste laget pompøst.

Riktig vittig blir det då Behn blir invitert med i afghansk bryllaup. Der er det dans, men får vi sjå afghanarar dansa? Nei, unge Behn frå Noreg stel heile showet og dansar villig og lenge for det norske fjernsynspublikummet. Morosamt, men neppe eigna til å gi innsyn i afghansk kultur.

Med meir journalistisk, gjerne subjektiv formidling, og mindre Ari Behn, ville nok Behn ha kome mykje nærare sine ambisiøse mål. No er filmen vel sterkt marknadsført ved Ari Behns kjendisstatus. Då er det synd at kjendisen Behn får øydeleggja for journalisten.

MELD AV ÅDNE LUNDE

Publisert

Les videre

  1. Vil ha flere Ari-dokumentarer
    Ari Behn får akademisk kjeft for antiamerikanske uttalelser i TV 2-dokumentar fra Pakistan og TV-kritikere er ikke…

    Les hele artikkelen

  2. Ari representerer ikke kongehuset

  3. Behn-suksess i TV

JOURNALISTEN: Ari Behn pratar med folk på gata i Peshawar. Foto: FOTO: VIBECKE ROLLAND, TV 2