Andreby-syndromet
Bergen og Göteborg møtast på The Big Almosts spennande debutplate.

Kva har Bergen, Göteborg og Manchester til felles? Jo, dei er alle framifrå musikkbyar med eit spent tilhøve til hovudstaden. Den svensk/norske trioen The Big Almost ser ut til å leie an i dette hovudstadsopprøret. Her har vi nemleg ein trio frå Göteborg som har spelt inn debutalbumet på Bergen Kjøtt, og som no gir ut sluttproduktet på det bergenske plateselskapet Klangkollektivet. Resultatet har blitt ei groovy instrumentalplate med beina solid planta i synthpopen på den eine sida, og noiserocken på den andre.
«Mouth» opnar med det ni minutt lange singel— og tittelkuttet, som umiddelbart set tonen. Låten flyr høgt opp i den støyfulle atmosfæren, før den trygt landar på jorda att. På vegen oppover har vi vore innom tung tekno, sløy college rock og dunkel synthpop. Dessverre for denne plata er det også dette kuttet som flyr høgast.
At opningssporet er momentum treng ikkje å vere noko negativt, men i The Big Almost sitt tilfelle får ein ei kjensle av at det som kjem etter handlar om gjenskape dette augneblinket. Gitarmelodiane er påfallande like, og det blir vanskeleg å skilje songane frå kvarandre. Når det er sagt, det er mange interessante detaljar i lydbiletet, og albumet veks ved fleire gjennomlyttingar.
«Mouth» har blitt eit spennande vitnesbyrd for eit lovande band. Hadde gitarriffa vore sterkare - jamfør Knut Schreiner sin påstand i nye ENO om at 2013 var det verste året for rocken nokon sinne - hadde denne plata også blitt verkeleg bra.