Slampoesi på vossamål

I eit klasserom på Bjørgum skule fekk 7.-klassingane besøk av ein noregsmeister i slampoesi. Resultatet kan du høyre under Vossajazz.

Klasserommet er akkurat som før, kateteret og tavla heilt likt. Dei same stolane, pultane, elevane. Ein mann underviser, pedagogisk og formanande. Diksjonen er upåklageleg.