Atle Kittang er død

Litteraturprofessoren vart 72 år gammal.

Publisert Publisert

NESTOR: Litteraturprofessor Atle Kittang var med på å byggje opp eit eige institutt for litteraturvitskap på UiB på 1970-tallet. ARKIVFOTO: VEGARD VALDE

  • Gerd Tjeldflåt
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Atle Kittang gjekk bort laurdag kveld etter lengre tids sjukdom.

Kittang var ein leiande skikkelse i det norske litteraturvitskaplege miljøet.

Første litteraturprofessor ved UiB

Han vart den første professoren i litteraturvitskap då faget fekk sitt eige institutt på Universitetet i Bergen i 1974.

Seinare vart instituttet slått saman til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag.

Kittang tok doktorgraden i 1973. Då var han allereie ein velkjend litteraturforskar.

Fekk pris

Han har gitt ut og delteke i ei rekkje bøker, men av det han har produsert, har kanskje artikkelen «Tre forståingsformer i litteraturforskinga» hatt aller størst påverknad.

I 2003 fekk Kittang Møbiusprisen, Forskningsrådets pris på 500.000 kroner for framifrå forsking.

Korleis vil du hugse Atle Kittang? Skriv gjerne ei siste helsing i feltet under.

Publisert
BT anbefaler

– Eg trur vi er heldige om vi får halde fram til helga

Studentar fryktar dei ikkje får fullføre fadderveka.

LES SAKEN

Sakene flest leser nå

  1. Regjeringen strammer inn: Dette er de nye reglene

  2. E39-dødsulykken: Mann bosatt i Bergen omkom

  3. Høgskulen på Vestlandet forbyr alkohol på fadderarrangementer

  4. – Det var ikke ungdommen som sendte oss til syden

  5. «Takk Libero, for dei forbaska tigerbleiene»

  6. Brann-spiller i isolasjon etter å ha vist koronasymptomer

  1. Litteratur