Vestlandets trubadur er borte

Ivar Medaas er død, 66 år gammal. Ein stor gjøglar — og eit lite musikalsk vedunderbarn - er borte.

<b>STRILEKONGEN:</b> Her sammen med Ove Thue.
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 17 år gammel

Mannen som brakte strilehumoren inn på Chat Noir har sagt takk for seg. Dei siste åra vart litt trasige. Men det er vel såpass ein må tola når ein har hatt det så storarta moro resten av livet.

Artisten Ivar Medaas rydda seg ein stor og varig plass hos det norske folket. Mest her vest, naturlegvis, og det var her det tok til. Då han på 60-talet tonesette og på sitt lune vis framførde «Gamle dampen», kom han til å syngja seg inn i miljø som fram til dess hadde hatt eit anstrengt forhold til populærmusikken. Men denne visa kunne dei ikkje stå for. Ikkje så mange andre heller. «Gamle dampen» vart naturlegvis ei landeplage, men som den perla ho er, har ho stått seg. I Ivar Medaas' versjon. Den var òg så glimrande at ingen har falle på tanken om å gjera ein ny. Det ville uansett blitt eit pinleg plagiat.

Bondesøn og odelsgut

Ivar Medaas var bondeson og odelsgut frå Alversund, og han drog til vinterlandbruksskulen austpå med fela under armen. Talenta var mange — og store. Musikaliteten var påtrengjande alt frå barnsbein av, og hardingfela trakterte han etter kvart med ein viss eleganse - endå om han ikkje trente så tidt.

På Landskappleiken på Røros i 1960 spelte han seg opp i den fornemste klassa, og viste at han også folkemusikalsk var på høgd med dei fremste.

Korleis skulle han te seg som artist? Kva skulle han satsa på? Han valde å vera seg sjølv og byggja på den kulturen han hadde vakse opp i. Han var stril, og det var som stril han skulle profilera seg i heile si karriere. For mange var han strilen per exellence. Det var som stril han entra Chat Noir og gjorde strålande suksess. Med fele - og gitar. Intelligent humor var kjennemerket hans, med ei sjeldan evne til å berekna sitt publikum. Det var ikkje nødvendig å le av plikt når Ivar Medaas stod på scenen. Særleg fordi han - med sin noko særmerkte utsjånad - var så rikt velsigna med sjølvironi. Den må også ha vore han til stor hjelp i tyngre stunder. Men dei ville han ikkje snakka om.

Dizzie Tunes

For det er den glade Ivar Medaas vi hugsar. Revylivet i Bergen var ikkje langt nok kome til at dei våga satsa på ein stril frå Alversund. Så vart det Oslo og Chat Noir i staden. Han samarbeidde med Yngvar Numme og Dizzie Tunes, Øystein Sunde, Ove Thue og Lillebjørn Nilsen. Han vanka i miljøet til Jakob Sande og Geirr Tveitt i hovudstaden. Slikt vart det visekunst av.

Herbjørn Sørebø var hans gode venn, og var meir enn takksam for at Ivar ville setja tone til - og syngja - visene hans. «Eg hadde», sa Herbjørn, «ingen som gjorde det betre».

I ønskjekonserten var han fast gjest, ofte saman med ei trufast Kari, og på NRK Hordaland var han uunngåeleg. Han kom opp med eine hit'en etter den andre. Parallellføringa til Alf Prøysen er gjort før, og med god grunn. Bakgrunnen var ikkje så ulik, og dei laut begge ut før dei kunne slå gjennom.

Det ligg mykje strev bak ei så lysande artistkarriere som den Ivar Medaas etter kvart kunne rosa seg av. Ein del nedturar også. I 1995 vart han råka av slag og hamna etter kvart i rullestol. «Men det goda humöret fanns kvar», som finnen sa det.

I april 2000 vart den første Ivar Medaas-prisen delt ut. Då var det stor jubel i Peer Gynt-salen.

Særleg fordi Ivar Medaas greidde å bli ein nasjonal figur. Med gjennomslag utanfor heimetraktene, tilførte han kulturell identitet og sjølvkjensle til sitt eige folk.

Det er inga lita sak for ein bondeson frå strilelandet.

OLAV KOBBELTVEIT

Kulturredaktørens utvalgte

Nyhetsbrev Jens Kihl er kulturredaktør i Bergens Tidende og gir deg hver torsdag de beste sakene fra kulturverdenen.
Publisert