Lyden av regn på ein paraply

Den mest romantiske augneblinken i bergenslitteraturen er det Frode Grytten som har skrive, meinte BTs lesarar.

  • Hilde Sandvik
Publisert Publisert
ROMANTISK: Frode Grytten.
icon
Denne artikkelen er over åtte år gammel

— Gratulerer med sigeren. No får alle BTs tingarar romanen din «Saganatt» som e-bok. 35 prosent stemte på deg. Kva syns du om det?- Det er stas. Den nye Agnar Mykle. Ny fyr i byen, heitare, hehe.

- Særleg heit er vel ikkje denne episoden?

— Det skjer oppi hovudet det, veit du. Det er litt artig syns eg at det som vann var livslang kjærleik: Ein gammal mann ser attende på då han møtte kona, alle stadene dei måtte gå for å gjere det dei hadde lyst til å gjere. Det går bra når gløden er der og paraplyen er til stades.

- Kven er den gamle mannen?

— Det er møbelhandlar Harold Lunde («Saganatt følgjer tre generasjonar Lunde red mrk). Kona er i ferd med å få aldersdemens. Det er difor han ser seg attende.

- Kva er forholdet mellom melankoli og romantikk?

— Kjærleiken er nok meir av eit hovudspor hjå meg, kjærleik i mange former. Det vakraste er å gi seg over til ein annan, når ein sluttar berre å vere seg sjølv. Det er det mest sårbare ein kan gjere. Grunnen til at så mange skriv om det er sjølvsagt at det så ofte går gale. Desto vakrare er det når det går bra.

- Du skriv om lyden av regnet mot paraplyen ...

— Frå dei viktigaste augneblikka i livet hugsar ein alt, korleis lyden er, lukta, lyset, tida på året.

- Kan det romantiske også vere morosamt?

— Ja, det blir morosamt fordi den også er så hudlaus. Eg har ei forteljing «Ute med hunden» med ein ektemann som prøver å drukne kona sin hund, eit regelrett drapsforsøk. Det er sjølvsagt kona han eigentleg ønskjer å drepe. Historia er eit vrengjebilete av den gode kjærleiken.

- «Saganatt» blir filmatisert. Når kjem filmen?

— Premieren, som har fått namnet «Her er Harold», er i oktober. Bjørn Sundquist spelar Harold. Det er ikkje så lett film å lage, den skal kombinere masse; humor, alvor, mørket, lyset, fiksjonen - og faktiske folk som dukkar opp, mellom anna Ikea-gründer Ingvard Kamprad. Men eigentleg så er det Bjørn Sundquist som har vunne. Sunquist og Harold.

BTs kulturredaksjon hadde valt ut ti sitat frå bergenslitteraturen, mellom anna frå Agnar Mykle, Ragnar Hovland og Olaug Nilssen. Alle tingarar ha fått e-post med lenkje til «Saganatt».

Her er vinnarsitatet:

Saganatt.jpg

Hugsar du? Eg brukte å stå utanfor frisørsalongen på Bryggen, såg deg jobbe der inne, var sjalu på alle menn som kom for å få vaska håret sitt, få det klipt av Marny Kolås. Før vi var gifte, hadde vi ingen stad å gå, eg budde heime og Marny budde heime. Så kvar skulle vi gå? Vi ville helst gjere alt slikt ein gjør når potensielle svigerforeldre ikkje er til stades. Så eg henta Marny på salongen når ho var ferdig for dagen, vi gjekk lange turar langs Fjellveien, stansa for kvar hundre meter, kyssa og heldt rundt kvarandre. Eg hugsar lyden av regn over paraplyen. Bergen har aldri vore den rette staden for unge elskande, men vi gjekk under tak ved kiosken der Fløibanen passerer, stod der mens kroppane våre fann fram til kvarandre, og sidan har lyden av regn på ein paraply alltid vore lyden av deg, Marny. Frå «Saganatt» s. 206

Kulturredaktørens utvalgte

Nyhetsbrev Jens Kihl er kulturredaktør i Bergens Tidende og gir deg hver torsdag de beste sakene fra kulturverdenen.
Publisert

Les videre

  1. Stem på det heteste øyeblikket
    Dryppende hete scener i Nygårdsparken, lepper som møtes for første gang i et smau. Klamme hender finner hverandre. Kulturredaksjonen i BT har valgt ut ti romantiske øyeblikk fra bergenslitteraturen. Nå kan du stemme frem det fineste på bt.no. Vinnerboken gis ut som valentinsgave til alle BTs digitale abonnenter.

    Les hele artikkelen

BT anbefaler

– Hadde vi våknet noen minutter senere, ville vi vært ferdig

Tolv personer ble evakuert. Ingen er alvorlig skadet eller savnet.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Hyller Branns cuphelt: – Han er for god til å sitte på benken

  2. Flere syvere på spillerbørsen etter at Brann lekte seg videre

  3. TV 2 beklager Fredrik Græsviks oppførsel og meldinger

  4. Slik får de strandsonen til å fremstå privat. Her kan du gå og ikke gå i sommer.

  5. – Skal ikke si så mye om det, da får jeg enda flere spark

  6. Dette gjer du om du trur du har korona