Ragnar Hovland fekk Aschehougprisen

«Egner seg til høytlesning i varme seinsommerkvelder og på fuktige nachspiel», står det i grunngjevinga.

Publisert:

HEDRET: Vestlandsforfatteren Ragnar Hovland mottok æresprisen under Hagefesten til Aschehoug forlag. Her sammen med Ottar Brox som fyller 80 år i dag. Foto: HILDE SANDVIK

Ragnar Hovland (60) vaks opp i Strandvik i Fusa og i Luster i Sogn. Forfattaren kunne torsdag gå heim frå Hagefesten 100.000 kroner rikare, etter at han vart tildelt den høgthengande Aschehougprisen.

— Ein av få prisar du ikkje har fått? Eller har du?

— Aschehougprisen får ein berre ein gong, seier Hovland til bt.no.

- Kva har du ikkje fått?

— Nobel og nordisk råd. Er ikkje på lista i år.

- Plage for omgjevnadene

- Du når breidt og er samstundes kultforfattar?

— Det er uforståeleg. Hadde aldri trudd at eg skulle apellere breidt. Eg skreiv det eg ville like sjølv. Kanskje var det nokon som var like gale som meg. Samstundes har eg skrive mykje av det eg har sett folk opplever rundt meg. Eg har lytta til kva folk har sagt rundt meg. Til tider ei plage for omgjevnadene mine fordi eg pirka på det folk sa. Eg har drege nytte av det folk har sagt.

- Skriv du same romanen om og om igjen?

— Litt sant. Det er ei kjerne av det same, men rører meg samstundes utanfor universet. Mange forfattarar gjer det. Hamsun, til dømes, skreiv den same.

- Viss du skriv den same, kva handlar om?

— Den handlar om ... Trudde eg visste det. Ikkje dei store svara på dei store spørsmåla. Om å vere rastlaus, samstundes tru på at det er noko som er annleis enn dette, men ikkje sikkert betre. Å kunne finne seg til rette. Enno meir handlar om å prøve å føre litteraturen vidare.

Rockestjernedraum

- Kor mange ukuleler vil du kjøpe?

— Kan no få 100 gode ukulele.

- Har alltid tenkt om deg at du eigentleg ville vere rockestjerne?

— Ja, men oppdaga at eg ikkje kunne det - har kome fram til at det ville ha vore slitsamt å vere rockestjerne - trives akkurat slik eg har det. Eg er passe lite kjent.

Fuktige nachspiel

I grunngjevinga for tildelinga heiter det at «Årets vinner av Aschehougprisen egner seg til høytlesning i varme seinsommerkvelder og på de påfølgende fuktige nachspiel, ja, poesien hans inspirerer også til sang.»

— Forfattaren vi ønskjer å heidre i dag, er elska av mange. Vi ønskjer inderleg at denne prisen kan bidra til ei ny og endå djupare forståiing av dette fantastiske forfattarskapet, sa Knut Hoem frå Arbeidsutvalet i Norsk kritikerlags litteraturseksjon under utdelinga.

Bibliografi:

2011: Stille natt (roman)

2011: Kunsten å komme heim og andre essay (essays)

2008: Dr. Munks popleksikon (oppslagsverk/ selvbiografi)

2006: Fredlaus (barne- og ungdomsbok)

2006: 1964 (roman)

2006: Brevet (lettlestbok)

2002: Verdt å vite (trur eg) (essays)

2001: Ei vinterreise (roman)

2000: Norske gleder (essays)

2000: Psst! : kubanske notat (dikt og kortprosa)

1999: Åleine i Alpane (jubileumsbok)

1998: Halve sanninga. Tre versjonar

1998: Detektivforteljing (barnebok)

1996: Guillaume Appollinaire Dikt i utval

1996: Norrøne gudar (sakprosa)

1996: Dr. Munks testamente (roman)

1996: Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (dikt, barnebok)

1994: Eline og Julie tar ferja (roman)

1994: Ein dag i Sherwoodskogen (barnebok)

1993: Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen (barnebok)

1992: Over Bali og Hawaii (drama)

1992: Ei lang reise (barnebok)

1992: Ein motorsykkel i natta (roman)

1992: Gjest Baardsen døyr aleine ved Nilens bredd

1991: Paradis (roman)

1990: Novelleår (red.)

1990: Konspirasjoner (essays)

1989: Sjølvmord i Skilpaddekaféen (roman)

1989: Mercedes (ungdomsroman)

1989: Skrivestadier

1988: Utanfor sesongen (krim)

1988: Love me tender (drama)

1987: Emil og kaffikokaren (barnebok)

1986: Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr

(barnebok)

1985: Elefantmusikken (dikt)

1985: Professor Moreaus løyndom (roman)

1984: Bussen til Peking (roman)

1983: Jakta på Salamanderen (barnebok)

1983: Under snøen (roman)

1982: Sveve over vatna (roman)

1981: Vegen smal og porten trang (noveller)

1981: Den flygjande sykkelen og andre forteljingar (barnebok)

1981: Dei siste beat-poetane i Midthordaland (novelle)

1980: Det får stå til (barnebok)

1978: Alltid fleire dagar (roman)

Publisert: