Estetikkambassadørar på heimebane

No får også sambygdingane sjå kunst- og nytteprodukta som har gitt Kirsti Nordberg Moe, Olav Eldøy og Jakob Klippen nasjonal og internasjonal merksemd.

OVE ARNE OLDERKJÆR (tekst og foto)

Stord Kunstlag opna laurdag utstillinga «Sofa med hatt, penn og kol» i kulturhuset på Leirvik.

Modist Nordberg Moe og møbeldesignar Eldøy har for lengst sett Stord på estetikkens kart med prislønte kreasjonar i inn— og utland. I 2002 fekk dei biletkunstnar Jakob Klippen med seg på ei fellesutstilling i spanske Alfaz del Pi.

No har trioen teke fram sine siste verk for publikum på heimebane. Kirsti Nordberg Moe med fargesterke hattar og eit første eksemplar av sin nye Kina-serie.

Olav Eldøy presenterer kombinasjonen krakk/bord på ein ny måte, sensuelle stolar i finér, ein ny puff og ein slags trillebårelenestol. Eit par eksemplar av Eldøy-stolen «Date» er også stilt ut, stolen har nesten fått same merksemd som populære «Peel» i si tid fekk.

Den travle designaren i Dåfjorden fortel Bergens Tidende at han skal delta på ei møbelmesse i København i mai, at han er utstillingsaktuell under årets Nattjazz i Bergen, og at han førebur nye møbelproduksjonar i Italia og Japan.

Jakob Klippen - med fleire separatutstillingar, illustrasjon- og utsmykkingsoppdrag bak seg - har hatt ein stor produksjon av store og små bilde å velja i før utstillinga på Stord.

— I arbeida mine søkjer eg etter å få fram vibrasjon og dragning, mellom ljos og mørke, mellom det ein anar og det ein ser, seier Klippen.

Kirsti Nordberg Moe og Olav Eldøy hadde si første «Sofa med hatt»-utstilling i Fengselet på Stord i 1992, og har seinare turnert til Bømlo, Ål, Oslo, og altså Spania.

Stord-utstillinga står til 2.mai.

TRIPPELKUNST: Møbeldesignar Olav Eldøy tv., modist Kirsti Nordberg Moe og biletkunstnar Jakob Klippen har slege sine kreative krefter saman i utstillinga «Sofa med hatt, penn og kol» i Stord kulturhus.