- Han vinka tilbake til oss!

Fire tenåringsjenter var blant dei som stod fremst og vinka til artistane då VG-lista Topp 20 inntok Bergen onsdag kveld.

Publisert:

VG1.jpg Foto: ODD MEHUS

VG2.jpg Foto: ODD MEHUS

VG3.jpg Foto: ODD MEHUS

Sjå opptak av konserten til høgre!

— Han vinka tilbake til oss!

Det er berre få minutt til kveldens VG-lista Topp 20-arrangement skal begynne på Festplassen. Inne på området som skal romme dei mest entusiastiske konsertgjengarane, står det hordar av jenter i tenåra. Fire av dei har akkurat vinka desperat til ein av medlemmane i musikkduoen DJ Broiler.

ARMAR I VERET: Dei fire tenåringsjentene Anna Løtvedt (frå v.), Amalie Pieterse Kvåle, Elise Hattevik og Katrine Larssen, hadde reist eit stykke for å oppleve VG-lista Topp 20-artistane. Og kanskje legg LidoLido dei til på Instagram, håpar dei. Foto: ODD MEHUS

Responsen tilbake utløyser umiddelbar glede.— Det er kjekt at han såg oss, og vinkar tilbake. Men aller helst vil eg sjå LidoLido, det er han eg gler meg mest til, seier 17 år gamle Elise Hattevik.

Augnekontakt

Saman med venninna Katrine Larssen (16) har ho reist frå Bømlo for å få med seg artistane som tronar på toppen av VG-lista. Larssen har derimot fått ønsket sitt i oppfylling.

— Eg likar mest DJ Broiler, dei er så flinke, seier ho.

Ved sidan av dei står to andre tilreisande, som Bømlo-jentene for få timar sidan vart kjent med. Anna Løtvedt (16) og Amalie Pieterse Kvåle (16) har reist heilt frå Hardanger, med eitt mål for auge: Få blikkontakt med hip hop-artisten LidoLido.

Les også

Tenåringsfest i Bergen

Les også

Kaos i Bygarasjen i Bergen etter konsert

— Vi vil han skal vite at vi finnast. Eg begynte å like han i fjor, han er kul. Og litt søt også, seier Kvåle, og får anerkjennande nikk frå dei andre.- Det er derfor vi står heilt framme, slik vi kan oppleve at artistane er nær oss. No kan dei sjå oss også. Aller helst LidoLido, seier Løtvedt.

Lang ventetid

Når BT møter dei fire jentene har dei alt vore på Festplassen i fire timar, sidan klokka to. Under den lange ventetida har dei rukke å bli godt kjent med kvarandre. Dei er alle klare på at dei mange timane i kø er verdt ventetida, dersom dei får veksle blikk med nokon av artistane.

PROFET I EIGEN BY: Tapande Idol-finalist Eirik Søfteland gjer suksess også i kjølvatnet av underhaldingsprogrammet. Onsdag kveld var han tilbake i sitt rette element, på scena, framfor det lokale publikummet. Foto: ODD MEHUS

— I fjor stod eg heilt åleine bakerst, så i år ville eg vere heilt framme. Det blir ei heilt anna oppleving no, når artistane kan sjå meg også, seier Løtvedt. - Det blir ikkje trongt og ubehageleg å stå så nær scena, då?

— Nei da, det går heilt fint. Vi føler oss trygge. Vi skal danse og syngje med, svarer Kvåle.

Instadraum

Om ikkje LidoLido ser på dei fire jentene i løpet av konserten, veit dei likevel råd. Dei har alt gitt han ein gul lapp der det står skrive namnet på Instagram-profilen deira.

Det blir ei heilt anna oppleving no, når artistane kan sjå meg også Anna Løtvedt (16)

— Vi gav den til ein av vaktene som kom tilbake og sa at LidoLido synest det var litt kleint. Men vi bryr oss ikkje, seier Larssen bestemt.

- Men om han skulle finne på å leggje dykk til på Instagram?

— Då blir i alle fall eg star strucked, svarer Kvåle.

Ho har teke turen til VG-lista topp 20 for tredje året på rad, og synest det er noko heilt spesielt med å oppleve artistane på scena.

— Det er ikkje det same å høyre musikken på radioen. No kan vi danse og ha det gøy på ein heilt anna måte. Eg gler meg, seier ho.

Publisert: