Alle elskar NY-hua

«Lilyhammer»-suksessen har ført til pengar i kassa for ein nynorskelskande tyskar frå Osterøy.

VURDERTE NYNORSKSLUTT: Yves Guhl frå Tyskland sel nynorskhuer til den store gullmedaljen etter å ha fått gratispromotering på TV. Før det, hadde han tenkt å stenga butikken. – Men så kom folk og sendte mail og sa «hua, hua, hua!», og eg sa ok – eg kan gjera det, seier Guhl i dag. ODD E. NERBØ

svp://26583

Oppdatering 21. august 2012: Guhl selger ikke lenger nynorsk-produktene. Nettbutikken er lagt ned.

- Eg spurte meg kor dei hadde fått den hua frå. For meg var det eigentleg morosamt, seier tyske Yves Guhl.

For fem år sidan flytta han frå Berlin til Osterøy, der han raskt kom på slagordet «I love NY-norsk». I år har slagordet vore å sjå på hua til skodespelar Steven Van Zandt i TV-serien «Lilyhammer» på NRK — noko Guhl har fått merka godt.

- I Berlin såg eg massevis av t-skjorter. «I love ditt» og «I love datt». Og «I love NY» - alle kjenner det. Så tenkte eg - her manglar det noko, eg føyer til «norsk», så det blir «I love NY-norsk». Ein heilt ny idé, seier tyskaren som har slått seg ned på Vestlandet med kone og ungar.

Sidan tok reklamedesignaren patent på slagordet, og han har selt t-skjorter via nettet dei siste tre åra.

Storm på e-post

Før «Lilyhammer» var det berre t-skjorter det gjekk i for tyskaren, men no har han opna for huesal òg.

- Plutseleg fekk eg ein heil masse e-post. «Kan eg kjøpa den hua hos deg?», spurde folk. Eg er veldig takksam, eg har hatt mykje flaks, seier han om gratis-eksponeringa han har fått frå statskanalen.

Før TV-serien byrja, gjekk det tregt med salet.

- Eg hadde nesten bestemt meg for å slutta med heile greia. Men så kom folk og sende mail og sa «hua, hua, hua!», og eg sa ok - eg kan gjera det, seier Guhl.

NRK: – Morosamt

NRK synest det er triveleg at tyskaren opplever salssuksess etter nynorskhua er blitt vist på skjermen.

- Det er berre morosamt at han får dette til, seier Petter Wallace, eksternsjef i NRK.

Serien blei som kjent utsett på grunn av avdekkingar av produktplassering, og blir no vist i redigert versjon på TV.

- Under første episode sat jo halve Noreg og leita etter produkt som var plasserte, og mange på Twitter meinte at huene var produktplasserte. Men det var jo berre morosamt, seier Wallace om spøken som florerte på den sosiale nettstaden.

I serien speler Steven Van Zandt ein mafiaboss som flyttar til Lillehammer som ein del av FBI sitt vitnevernsprogram. Leilegheita han overtek, har tilhøyrt ein lærar som skulle reisa til Afrika for å driva u-hjelp, kan Wallace avsløra.

- Dette er ei historie det ikkje blei plass til i serien. Poenget er at alt i leilegheita skulle vera så langt frå mafiabossen som det lot seg gjera – inkludert denne hua, seier han.

- ** Norsk kulturarv**

Den første hueproduksjonen på femti eksemplar, er allereie utseld frå nettbutikken til Yves Guhl. Sjølv om han er ein ekte berlinar, er han stolt av å bu på den norske landsbygda. Nynorsken er ein viktig del av den norske identiteten, meiner han.

I den siste tida har nynorsk vore eit heitt tema i den offentlege debatten, då det blei kjent at Utdanningsdirektoratet ville føreslå endringar i norskfaget som kunne føra til redusert undervisning i sidemål.

- No er jo ikkje eg politikar eller noko slikt. Men generelt synest eg nynorsk er ein del av den norske kulturarven. Då skal det vera slik. Byfolk tenkjer at nynorsk er eit hillbillyspråk, men det er ikkje sant, seier nynorskgründaren frå Berlin.

POPULÆR MÅLMANN: Om ikkje nynorskhyllinga til Steven Van Zandt er medviten, er det fleire enn "Lilyhammer"-skodespelaren som gir nynorsken merksemd om dagen. NRK

svp://26583