Johannes jaktar på kjærleiken

Bjørn Sortland blir trigga av konkurransar, og då Gyldendal utlyste kamp om beste kjærleiksroman, slo han til. Der vart han ein av vinnarane med «For så høgt har eg elska».

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 17 år gammel

OLAV KOBBELTVEIT

Bjørn Sortland er bremnesing frå Bømlo, og må vera ein av dei mest produktive forfattarane her til lands. 24 bøker med stort og smått er det blitt sidan debuten i 1992, og han kvir seg ikkje for å prøva seg i ukjent farvatn. Barnebøker, ungdomsbøker, teikneseriar, biletbok for vaksne — det har blitt ein del sjangrar. Men det synest han er kjekt. For han er det berre berikande å arbeida med fleire prosjekt parallelt. Men travelt, jau det kan det bli. Og så hoppar han - slik moderne forfattarar gjer - frå det eine forlaget til det andre.

— Eg følgjer rådet frå Rolf Sagen på Skrivekunstakademiet, som sa at forfattarar skal vera utru mot forlag. Det har eg vore til gagns.

— Men du begynte på Samlaget?

— Ja, der debuterte eg med «Det er ikkje natta». Men på eitt tidspunkt kom det ein konkurranse som førte meg over til Aschehoug. Det same skjedde no. Eg var i gang med ein kjærleiksroman, og så utlyste Gyldendal konkurranse. Då makta eg nesten ikkje å la vera å senda inn manus, fortel Bjørn Sortland. Han er blitt 36 år og har i hovudsak skrive for born og ungdom. Men no er det altså vaksne folk det handlar om, og den store kjærleiken. Han drog til Brasil for å driva research, for dit sender han Johannes på leiting etter den han elskar så høgt.

— Johannes er ein mann med bakgrunn i eit frikyrkjeleg miljø på Vestlandet. Ein mann som - til liks med så mange frå vestlandske bygdemiljø - baksar litt med tru og tvil.

Dei store tinga

Det er på mange vis dei store tinga i livet som har fått prioritet i denne romanen. Dei vil nok Bjørn Sortland koma tilbake til. Det er slikt som opptek han. No har han - etter nokre år i Oslo - slått seg ned i Bergen Vest. Det går fint. I år kjem han også ut med «Kyrkjeboka» for 4-åringar og ei bok i ein spenningsserie på Aschehoug. Så det går unna. Og ofte er det i Sortlands forfattarskap små avstikkarar til det lågkyrkjelege miljøet i vest.

— Eg synest det ofte er blitt så overflatisk og lite nyansert behandla både i presse og litteratur. Eg meiner den vestlandske pietismen er ei god ballast å ha med seg ut i det verkelege livet, langt betre enn den karikerte versjonen Dagbladet tidvis presenterer. For det er no ein gong ikkje slik at alle incestuøse overgriparar er heimehøyrande i Vestlandske Indremisjonsforbund.

Nye prosjekt

Bjørn Sortland er alt i gang med nye prosjekt, utan at han heilt veit korleis dei vil enda. Men han trivst best med skiftebruk, frå den eine sjangeren til den andre, og det siste er ei nyvekt interesse for film. Kanskje han skal prøva seg på eit filmmanus?

— Ja, kanskje det? Men så mykje har eg forstått at det er ei særs krevjande øving. Gode filmmanus er ikkje kvardagskost korkje her i landet eller i Hollywood, seier den travle skribenten frå Bømlo.

VINNAR: Bjørn Sortland er ein av vinnarane i Gyldendals kjærleiksroman-konkurranse.

Kulturredaktørens utvalgte

Nyhetsbrev Jens Kihl er kulturredaktør i Bergens Tidende og gir deg hver torsdag de beste sakene fra kulturverdenen.
Publisert
  1. Litteratur
BT anbefaler

Da Emilia var blitt fire år, ringte de til datteren med nyheten

Flere besteforeldre flytter etter barna.

Mest lest akkurat nå

  1. Han ville skrive om strøm. Så sa hans tre år gamle datter noe som skremte ham.

  2. Sian-leder skal ha blitt presset av veien – bilfører pågrepet

  3. I ett europeisk land er det dyrere å feriere enn i Norge

  4. Da Emilia var blitt fire år, ringte de til datteren med nyheten

  5. Politiet stoppet berusede båttyver

  6. Brannvesenet er storfornøyde med kommunens nye tiltak