VIP-rommet for fint for Nattjazzen

Steikje, det var eit fint rom, tenkte Jon Skjerdal då han valde lokale til VIP-gjestene på det nyoppussa Verftet. På Nattjazzens siste dag må han berre konstatera: Rommet var så fint at ingen brukte det.

Publisert: Publisert:

VIP-ROMMET: Folk ville ikkje vera her, seier Jon Skjerdal. Foto: Ørjan Deisz

— Det er eit strålande rom for seriøse møte og fine selskap, men på Nattjazz vil folk ha det litt meir rufsete, seier festivalsjef Jon Skjerdal.

Før har musikarar, gjester og sponsorar hatt eit lager som VIP-rom. I år var eit rom over Røkeriet uttenkt til dette formålet.

— Folk ville ikkje vera der. I staden trekte dei ut i bakgarden - det er der alle vil sitja, seier festivalsjefen.

Reknar med litt under null

Når BT snakkar med Skjerdal er det éin kveld igjen av festivalen. Han er aller mest spend på om dei når budsjettmålet på 14.000 selde billettar.

— Då må me selja 500 billettar i døra i kveld, seier han, og høyrest ikkje særleg pessimistisk ut. Kvelden før gjekk rundt 700 i døra.

Totalt sett reknar Skjerdal med at den økonomiske fasiten vil visa eit resultat på noko mellom null og 250.000 kroner under budsjettet. Dramatisk er det ikkje, synest han.

— I år har me investert i ein del utstyr som me også får bruk for seinare år. Dei spesialsydde segla til bakgarden, for eksempel.

Siste kveld med gjengen

Skjerdal gler seg til i kveld, og håper på ein «siste kveld med gjengen»-effekt. Størst forventingar har han til Reggie Watts.

— Watts var med på alle konsertane i går frå start til slutt. Han fekk også med seg ettermøtet på kontoret og nachspielet etter der igjen, fortel Skjerdal om den USA-baserte tyskaren, som er kjend for å blanda humor og musikk på scenen.

Ei avlysing har dei måtta handtera på tampen. Det aller siste bandet som skulle spela i kveld, Orango, måtte avlysa, men Oppnedbass frå Romsdal har steppa inn.

— Eg trur dei kan følgja opp den humoren Watts kjem med.

Nattjazz-sjefen angrar ikkje på valet om å flytta festivalen tilbake til Verftet.

— Sjølv om Vågsbunnen er eit sakn, har me gjort det rette for musikken. Lydforholda er sensasjonelle her. Det er som å følgja ei innspeling i studio.

Publisert: