– At artisten har ein penis er ingen garanti for kvalitet

I 2018 finst det inga god unnskyldning for at festivalane skal dominerast av menn, meiner Peter Meanwell i Borealis.

Fråværet av kvinner på norske festivalscener har vore kritisert og diskutert i årevis.

No har fire norske festivalar forplikta seg til å nå ein kjønnsbalanse på 50–50 innan fire år.