Her er BTs nye kulturredaktør

Kommentator Jens Kihl blir Frode Bjerkestrands etterfølgjar som kulturredaktør i Bergens Tidende.

Kommentator Jens Kihl vert ny kulturredaktør i BT.
  • Hanna Torsdotter Husabø
Publisert Publisert

– Den norske kulturdebatten treng at BTs kulturredaktør er ei tydeleg stemme, og det er det ingen tvil om at vi får med Jens Kihl. Han er ein skarp kommentator med eit sterkt engasjement for kultur, i vid forstand. Eg veit at han vil utfordre og engasjere kulturlivet her i Bergen, på Vestlandet og elles i landet, seier sjefredaktør Frøy Gudbradsen om tilsetjinga av Kihl.

Kihl byrja som kommentator i BT i 2018. Då kom han frå Klassekampen, der han jobba som politisk journalist.

Han gav i 2019 ut boka «Dette er også Noreg» på Det Norske Samlaget.

Sjefredaktør Frøy Gudbrandsen.

Erstattar Bjerkestrand

I august vart det kjend at Frode Bjerkestrand (58) ønska å gå av som kulturredaktør etter fem år i den rolla.

– For meg personleg er det riktig og viktig å gjere dette no. Dette kan vere siste sjanse til å prøve noko nytt og anna i yrkeslivet mitt, sa han då.

Gudbrandsen er nøgd med at der er Kihl som no tar over stafettpinnen.

– Han er ei uavhengig røyst og har eit sunt maktkritisk instinkt, som definitivt trengst på kulturfeltet.

Kihl sjølv gler seg til å ta fatt på den nye jobben.

– Eg har lyst å vere ein kulturredaktør for både medkultur og motkultur. Bergen sitt kulturliv er eineståande på alle måtar og kjem garantert til å ha høge forventningar til meg.

Kommentatoren meiner det er heilt rett at forventningane til ein kulturredaktør er høge.

– Men eg kjem garantert ikkje til å innfri alle, lovar han.

Frode Bjerkestrand går av som kulturredaktør.

– Ser Bergen litt utanfrå

Kihl har berre budd tre år i Bergen. Det trur han kan vere ein fordel i den nye jobben som kulturredaktør.

– Eg er framleis ny i byen og kjærleiksforholdet er intenst. Samtidig kan det hende det er bra for Bergen med ein som ser byen, og byen og landsdelen sitt kulturliv, litt utanfrå, seier Kihl.

Og utdjupar:

– Det hender framleis at eg tenkjer «dette var noko rare greier». For eksempel kor mykje alle i Bergen er opptekne av å samanlikne seg med Oslo. Eit av dei spørsmåla eg får oftast er «ikkje sant denne utstillinga er like bra som noko dei har i Oslo?» eller «kva seier dei om oss i Oslo?».

Den påtroppande kulturredaktøren, som sjølv er frå Oslo, er klar på kva han synest om akkurat det:

– Bergen må ha sjølvtillit nok til å stå på eigne bein. Det tenkjer eg at eg kan vere med på å bidra til som kulturredaktør.

Skal først skrive bok

Før Kihl tek fatt på redaktørjobben, skal han ha permisjon for å skrive bok om Sp-politikar Liv Signe Navarsete.

– Meir motkulturelt får du det kanskje ikkje, så det gler eg meg til. Ho representerer mange spørsmål eg tenkjer er relevante å stille.

Som avtroppande politisk kommentator trur Kihl at han kjem til å bli ein ganske politisk kulturredaktør.

– Eg kjem til å følgje kulturdebatten med eit ganske maktkritisk blikk.

Han reknar med å starte opp for fullt rundt 1. mars. Men aller først skal han til Odda.

Kulturlederens utvalgte

Nyhetsbrev Liv Skotheim er kulturleder i BT og gir deg hver torsdag de beste sakene fra kulturverdenen.

– Det er nesten symbolsk, men no skal eg faktisk sette meg i bilen og køyre til Litteratursymposiet i Odda.

Publisert
  1. Kulturpolitikk
  2. Kultur
  3. Kommentar
  4. Bergen
  5. Bergens Tidende

Les videre

  1. – Viktig at vi gamlinger finner veien tilbake til kritisk journalistikk
    – Dette kan være siste sjanse til å prøve noe nytt og annet i yrkeslivet mitt.

    Les hele artikkelen

BT anbefaler

– Jeg opplevde at folk krysset veien for å unngå oss. Da bestemte jeg meg for å ta affære.

– Jeg opplevde at folk krysset veien for å unngå oss. Da bestemte jeg meg for å ta affære, sier Anne Berge Pedersen.

Mest lest akkurat nå

  1. Han har aldri vært mer lykkelig. Hjemme igjen i Bergen venter et helt nytt liv.

  2. To menn falt cirka 25 meter i en bratt skråning ved Tokagjelet. – En av dem har vært inn og ut av bevissthet.

  3. Vold på utested og mye fyll: Hektisk natt for politiet

  4. – Kvifor snakkar me ikkje om dei tinga som skjer med kroppen vår etter fødsel?

  5. Politiet jakter en person de mener skal ha forsøkt å voldta ung kvinne

  6. Nå er det klart hva hun skal jobbe med på Stortinget