- Eg er ingen popdødar
Musikksjef Jorunn Hope avkreftar ryktet om popmusikkens død på NRK P2. Men Elton John bør finne seg ein annan radiokanal.
- Kjersti MjørJournalist i BT

Jorunn Hope har jobba i NRK i over tretti år, men knapt hatt ei meir turbulent arbeidsveke enn denne.
— Eg er ingen popdødar, seier Hope.
Likevel har musikksjefen i P2 fått mykje pepper, etter at Dagsavisen skreiv at radiokanalen fjernar pop og rock frå spelelistene. Protestane har vore mange, ikkje berre frå musikkmiljøet, men også internt i NRK. Sjølv oppsummerer Hope trykket som «storm i eit vassglas».
— Nei, popmusikken blir ikkje borte frå P2, slår ho fast.
«Gammaldags angst»
Dei tre største radiokanalane til NRK har fordelt musikken mellom seg. P2 har fått i oppdrag å ta vare på jazz, klassisk, folkemusikk, viser og verdsmusikk.
Etter avisoppslaget tysdag, skrudde volumet seg opp utover i veka. Kritikarane fryktar at radiokanalen blir for snever og gammalmodig, og ein musikkforskar har brukt uttrykket «musikalsk apartheid».
Hope sukkar.
— Svært mange ønskjer å redigere P2, og det tar vi som ei kjærleikserklæring. Men når faktagrunnlaget er feil, blir ein litt sliten, seier Hope, som understrekar at P2 berre vil formatere to program: «Kulturnytt» og «Radioselskapet».
— Begge blir sendt dagleg og har ei sterk sendetid, men musikkprofilen var i ferd med å bli utydeleg. Særleg «Radioselskapet» spelte svært mykje pop, som ikkje er innanfor vårt hovudoppdrag.
Endringane vart innførte i haust. Du kan framleis høyre pop og rock på «Radioselskapet», men i halvert mengde
— Resten er verdsmusikk, som har popmusikkens uttrykk, seier Hope.
Ut med Elton John
På «Kulturnytt» forventar P2-leiinga seg meir klassisk - på fleire vis.
— At ein eller annan popartist fyller seksti år, er ikkje ei sak for Kulturnytt.
— Kven tenkjer du på?
— Elton John, eller andre. Det tar P1 og P3 seg av på ein utmerkt måte.
— Men kva om ei nyheitssak i «Kulturnytt» har utgangspunkt i pop og rock?
— Med mindre det er ei hending av vesentleg karakter, er ikkje popmusikken P2 sitt hovudansvar. Men i vårt daglege, sjangerfrie magasin «Musikkredaksjonen», med kompetanse frå klassisk til pop, kan Elton John godt dukke opp, dersom det er eit vesentleg tema.
I dag har dei fleste radiokanalane tatt i bruk musikkformatering, altså, skreddarsydde spelelister for ulike musikkprofilar. Hope avkreftar at P2 er i ferd med å innføre same system.
— Nei, vi skal ikkje formatere musikken på P2! Endringane gjeld berre to av femti program som trillar og går på P2 heile dagen.
— Er det grunn til å frykte at P2, med rykte som smal kanal, blir endå smalare?
— Nei, vi har fått i oppdrag å vere eit tydeleg alternativ, og aksepterer ikkje at P2 er gammalmodig. Vi er den kanalen med størst genrebreidd av alle. Fritt fram for dei nysgjerrige!
- Diskutér saken her.