Saknar du kunst og kultur? Her er det opent dag og natt.

Bergens Tidende guidar deg til gode digitale opplevingar som du kan nyte frå godstolen heime.

BTs kunstmeldar Renate Rivedal har tips til flotte kunstopplevingar du kan sjå heimanfrå.
  • Renate Rivedal
    Renate Rivedal
    Kunstanmelder
Publisert Publisert

1

Nytt liv i tremøblane

I samband med utstillinga «Knag – Håndverksmøbler fra Bergen» i KODE 1 kan du møte Knag sitt oldebarn Christopher Knag som vise korleis ein kan få gamle tremøblar tilbake i sin tidlegare prakt.

2

Heimekonservering

Nasjonalmuseet delar også små snuttar der fagstaben kan inspirere deg til å drive med litt bevaring av gjenstandar frå heimen: som her i snutten «Hjemmekonservering #1»

3

Kunstsamlar

Går du med ein kunstsamlar i magen? I denne splitter nye serien frå NRK, kan ein møte kjende og ukjende kunstsamlarar, og få vite meir om kva som er drivkrafta bak manien.

4

Kunsten å leve

I serien «Kunsten å leve» kan du møte nokre av Noregs mest anerkjende kunstnarar, som Bjarne Melgaard og Vibeke Tandberg. I serien dela dei ifrå både livet og karrieren sin.

5

Innestengt kreativitet

NRK har også sett nærare på kva kunst som vert laga i det offentlege rom under koronarestriksjonane.

6

Dronninga av polkadotter

Yayoi Kusama på Henie Onstad.

Fargerike Yayoi Kusama sin kunst kan ein til vanleg mellom anna oppleve på Henie Onstad Kunstsenter i Bærum kommune. Museet er for tida stengd, men i mellomtida kan du nyte dokumentaren «Dronninga av polkadotter» om ein av våre største kunstnarar, som har budd 40 år på psykiatrisk sjukehus.

7

Historia bak Knagmøblane

KODE har lenge arbeida med videoformidling, og på deira Facebook-side kan du finne ulike videoar frå museet. Her kan du høyre Christopher Knag fortelje om utstillinga av Knagmøblar og om historia til handverksfamilien.

8

Skummel kunstvandring

Halloween er forbi, men ein kan framleis nyte Munch sine skremmande måleri frå sofaen. Bli med KODE sin formidlar Elin Flannum på ei skummel vandring i Rasmus Meyers samlinger.

9

Nina Grieg frå Troldhaugen

Markeringa av Nina Griegs 175-års jubileum vart avlyst, men her kan du høyre konservator Monica Jangaard fortelje om Nina, direkte ifrå hennar eiga stove på Troldhaugen.

10

Din eige private omvisar

Sakna du tigerstaden? No kan du bli med på digital omvising i Astrup Fearnley Museet. Her vert du betre kjend med tre verk av kunstnarane Kitaj, Self og den meir kjende Koons. Opplev Astrup Fearnley med din eigne private omvisar.

11

Måleria til Bergman

Eller bli med til Henie Onstad Kunstsenter og bli betre kjend med ein av våre aller største målarar og grafikarar, svensk-norske Anna-Eva Bergman.

12

Verdsberømte fotografi

Richard Avedon var ein amerikansk fotograf som arbeida for dei store motemagasina og motehusa, og har fotografert kjendisar og verdsleiarar gjennom sin 60 år lange karriere. Frå Marilyn Monroe og Andy Warhol, til Donald Trump og Eisenhower. I denne korte snutten vert ein presentert for fjorårets utstilling ved Henie Onstad Kunstsenter.

13

Jakob Weidemann

Få eit innblikk i Jakob Weidemanns fargerike univers, frå utstillinga som i 2018 vart vist på Henie Onstad Kunstsenter.

14

Pablo Picasso

Pablo Picasso er utan tvil ein av verdas største og mest kjende kunstnarar. I utstillinga «Picasso 347» møter ein den erotiske suite. 347 arbeid vart laga i ein periode på 7 månadar når kunstnaren var 87 år gammal. Kurator Karin Hellandsjø ved Henie Onstad Kunstsenter fortel om kunstnaren og arbeida.

15

Popkunst

Kva er eigentleg Popkunst? Bli med på guida omvising på Astrup Fearnley og lær meir.

16

Byen og fylket vårt

NRK Vestland tar deg med på omvising i fylket vårt, og kan freista med mellom anna guida tur på Baroniet Rosendal, historisk omvising i Bergen sentrum eller rundtur om bord i Statsraad Lehmkuhl.

17

Bergen i mellomalderen

Korleis såg det eigentleg ut i Bergen i mellomalderen? Møt Bergen anno 1350, i ein digital rekonstruksjon, filmen er produsert i samarbeid med Arkikon, Riksantikvaren og Byantikvaren i Bergen.

18

Noregs eldste rådstue og vinkjellar

Her kan du sjå rekonstruksjonen av Noregs eldste rådstue og vinkjellar, filmen er laga av Bergen kommune i samarbeid med Byantikvaren i Bergen og er ein del av Riksantikvarens ruinprosjekt.

19

Debatt

Mange har nok følgt interessert med på debatten rundt rivninga av Y-blokka, her deler Nasjonalmuseet eit digitalt foredrag, der professor i kunsthistorie Espen Johnsen fortel om mannen bak det monumentale bygget, arkitekt og modernist Erling Viksjø. Sjå foredraget «Erling Viksjø – en kunstner i form og betong» over.

20

Julestemning

www.digitaltmuseum.no kan du søke i meir enn 2,6 millionar objekt. Det består av ein felles database over samlingar i norske og svenske kunst- og kulturhistoriske museum. Om du til dømes søkjer på jul kan du boltre deg i over 10.000 nissar, lydklipp, broderimønster og fotografi med ein ting til felles: jul!

Den tradisjonelle førjulsdagen på Gamle Bergen Museum vart i år avlyst, men litt julestemning kan du likevel oppleve med herr og fru Helland.

21

Digital kunstvandring

Nasjonalmuseet har store delar av samlinga si digitalisert. Her kan du lage dine eigne samlingar, om du har ein særskilt interesse for fugl eller fisk eller noko midt i mellom.

Kristine T. G. Hardeberg
22

Kunstwebinar

Måndag 7. desember invitera kunsthistorikar Kristine T. G. Hardeberg til gratis webinar, der ho særskilt ser nærare på kunstverket «Pike med perleøyredobb», og gir deg unike tips til byer som Firenze, Roma og Paris. Her kan du drøyme deg vekk!

23

Kunst-podkast

«The Great Woman Artists Podcast» av Katy Hessel.

Nokon gongar vil ein berre ha noko interessant på øyret, og kva kan då vere betre enn ein podkast? «The Great Woman Artists Podcast» av kurator og kunsthistorikar Katy Hessel, gir oss innblikk i nettopp det, kvinnelege kunstnarar. Gjennom intervju med kuratorar, skribentar, kunstnarar og kunstelskarar, kjem ein i djupna på både kunsten og kunstnaren bak.

24

Digital juleutstilling

Kunstgarasjen i Bergen har laga ei digital juleutstilling. I tillegg til ei fysisk Juleutstilling i Kunstgarasjen, har dei i år også laga ei digital utstilling med verk av over 20 kunstnarar. Sett på filmen og oppdag ny kunst! Kanskje endar det under juletreet?

25

Intervju med samtidskunstnarar

kunzt.no kan du lese intervju med samtidskunstnarar i inn- og utland, kunstkjøparar og kuratorar. Her kan du og oppleve korleis kunst vert laga, og bli med inn på galleri og museum. Alt leia av kunsthistorikar Silje M. Engja Sigurdsen, tidlegare kunstmeldar i BT.

26

La den rette kome inn

Nasjonalmuseet og Kulturtanken invitera i år til digitalt formidlingsseminar 10 og 11. desember. Seminaret er gratis og opent for alle. Seminaret som har fått namnet «La den rette kome inn», tar opp tema som omhandlar kunstformidling, målgruppe og digital formidling.

  • Har de fleire tips? Del dei gjerne!

Kulturredaktørens utvalgte

Nyhetsbrev Jens Kihl er kulturredaktør i Bergens Tidende og gir deg hver torsdag de beste sakene fra kulturverdenen.
Publisert