Amerikansk gigantfilm valde Aurora

Popstjernas coverlåt av Nat King Coles «Nature Boy» gjennomsyrer traileren til den nye Alien-filmen. – Veldig stas, seier Aurora Aksnes til BT.

ROMVESEN: Aurora Aksnes sin låtversjon er berre valt til traileren av romvesenfilmen «Alien: Covenant» og ikkje sjølve soundtracket, ifølgje manager Geir Luedy. Ørjan Deisz

«There was a boy. A very strange enchanted boy», kjem det frå Auroras sarte stemme, idet eit svært romskip passerer galaksen frå ei eller anna avsidesliggjande planet.

Traileren til «Alien: Covenant» vart publisert seint julaftan, men allereie har langt over éin million sett korleis regissør Ridley Scott igjen har sett sitt preg på den britisk-amerikanske science fiction-horroren.

At Aurora si coverlåt av Nat King Coles «Nature Boy» er valt til traileren, tykkjer ho sjølv er særs fint.

«Jeg syns sangen passet veldig fint. Er veldig glad i Alien-filmene, så det er veldig stas. Masse blod og gørr og romvesen», skriv Aksnes i ein SMS.

Høyr Aurora syngja i traileren under:

Les også

Aurora satser egne penger for å slå gjennom i USA

Storfisk på kroken

Alien-filmen kjem på kino 19. mai og bak står 20th Century Fox. For mange har serien fått kultstatus og millionar av lojale fans verda over.

Auroras manager, Geir Luedy i Made Management, fortel at det amerikanske teamet deira jobbar med å presentera musikken til Aurora for filmfolk «der borte».

– Og den fisken der beit på kroken, seier Luedy, og syner til giganten 20th Century Fox.

Valet av Aurora er stort. Ikkje minst i høve promotering av ho som artist, men òg økonomisk: Eit betydeleg beløp med éin gong, og sidan inntekter frå visingar.

– Eg vil ikkje gå inn på nokon sum, men det er sjølvsagt veldig bra betalt, seier Luedy.

STJERNEFANGAR: Aurora Aksnes var 16 år då ho la ut ei låt på Facebook. Framføre skjermane sat mange imponerte andlet, mellom anna Geir Luedy, som sidan vart manageren hennar. – Det vart fort klart at Aurora elskar å vera i studio, sa Luedy til BT i ein større reportasje i mars. Jan M. Lillebø

Valde sjølv låten

Coverversjonen av «Nature Boy» var gjort alt i fjor, som ein del av promoteringa til det kritikarroste albumet «All My Demons Greeting Me As A Friend». Opptaket vart gjort i ei kyrkje, medan songen i traileren til Alien-filmen er gjort i studio.

– Aurora kom til meg for lenge sidan og sa ho hadde lyst til å covra låten. Ho hadde høyrt brasilianske Caetano Veloso sin versjon, som både ho og eg likar veldig godt, fortel Luedy, og så vart det slik.

Les også

Geir Luedy hadde møtt veggen. Den nye jobben var rolig. Så dukket det opp en låt av en 16-åring fra Os.

Det var ei twittermelding frå Katy Perry som for alvor sette Aksnes på popstjernehimmelen. Sidan er Aurora hylla av både amerikansk og britisk presse.

Artisten frå Os slapp sitt første album i mars i år, og har hatt uttallege konsertar sidan dess. Spelejobbar, intervju, arrangement. Mange vil ha ein bit av Aurora.

– Ho er absolutt medviten i kva ho set namnet sitt på, samstundes som det er umogeleg å seia ja til alt. Me har snakka mykje om kva ho ikkje vil vera med på, utan at eg vil gå nærare inn på kva det kan vera, fortel manageren.

Les også

Aurora Aksnes drømmer om å bo et sted uten folk.

Skrivepause i 2017

På nyåret skal Aurora på ein liten turné i Australia, før ho er attende i Bergen i byrjinga av februar. Då vert det pause for livet på vegane, og ikkje minst rolegare tider for å laga ny musikk.

– Ho vil gå inn i ein slags kvilemodus med å skriva låtar og finna inspirasjon, og kosa seg. Og så vert det ein runde med konsertar og turnering til sommaren att, som Bergenfest. Mykje er enno ikkje offentleggjort, seier Luedy.

Les også

Her synger Aurora for åtte millioner

At manageren har fått vera med på popstjernas reise, kallar han eit eventyr.

– Eg har aldri vore med på noko så stort før. Det er eit sant privilegium å få jobba med eit slikt vesen. Ho er eit spesielt vesen, og eit godt menneske med mange fine og interessante idear og tankar om verda.