Det blide mennesket frå Austevoll

Ein einaste gong var MAGNUS STANGELAND så lei seg at ein mest skulle tru at han var sint. Det var då dei sa om den store postmeldinga som han var saksordførar for, at det verste med henne var språket. Det ville ikkje den gode målmannen ha sitjande på seg.

jubilant

KJARTAN RØDLAND kjartan.rodland@bt.no

Det å fylla 60 år er ingen stor kunst for ein austevolling, så det gjer Magnus Stangeland alt laurdag 17. mars. Det er ikkje berre slik at sekstiåringar i Austevoll berre står ved inngangen til livet, men Magnus har også den gleda at Kjellbjørg Lunde, studiekameraten frå lærarseminaret på Stord, endå må venta i fleire år før det er hennar tur. Ho har fylgt han som ein skugge både i skulestova og på Stortinget, og ein gong diskuterte dei så hissig at den "ekstremt ikkje-valdelege" dama slo til han.Men det roa seg etter det. Han måtte gje seg aldri så lite på det med målet i postmeldinga også. For komiti-innstillinga var tydeleg nok sett i pennen av ein bokmålsskrivande sekretær som hadde sett eit nynorsk ordrettingsprogram på produktet etterpå. Magnus Stangeland kan ordleggja seg som ein gamal preikar, han, skriftleg eller muntleg. Ho Malena på bua Og meldinga kan han vera stolt av. For det var i Stortinget dei fann opp krutet den gongen: Legg posten tilbake til ho Malena på bua! sa Magnus og dei andre. Så når den tungstyrte postskuta no har funne kursen etter ti år, er det nett det som hender. Posthuset er kome att der det starta, mellom spekesildtønner og torosupper på butikken. No manglar det berre at databreibandet kjem att der telefonsentralen ein gong stod. Det var ikkje så lett for Magnus heller, for partiet hans gjorde vern og stell om alle posthus ikkje berre til politisk trusvedkjenning, men også som sjølve teiknet på at EU skal stoggast ved grensene, som andre galne kyr. Der som i den store saka måtte Magnus skilna klårt mellom stortingsmannen og austevollingen, for i Austevoll var ikkje dette med indre marknad og ytre tollgrenser fullt så enkelt som heime hjå Anne i Trøgstad. For Magnus den mellomstore frå Austevoll vart løysinga den same som for homsar i kyrkja: Legninga er grei, berre du ikkje praktiserer henne offentleg. Oppsummert kan ein vel seia om at tilhøvet mellom Magnus og senterpartiets hans er: "Det må vel vera eit bra parti, når eg er med der!". Lærar i å setja sjøbein Det byrja så greitt, står det i biografien hans. Lærarskulen var han ferdig med i 1966, men då hadde han alt vore fiskar i to år. Så vart det gymnastikk grunnfag og pedagogisk rettleiing, grunnfag det også. Lærar vart han, på Storebø skule sjølvsagt, så vart han gymnastikkinstruktør i Sjøforsvaret utan at gastane der vart stort betre til å setja sjøbein av den grunn, men i rimeleg godt humør drog han heim att til Austevoll for å verta rektor ved Storebø skule. Men nye tider hadde kome til ringnotkommunen, og litt etter litt vart Magnus med i dei nye næringane og hadde tittel av administrerande direktør då Senterpartiet fann ut at det var gagns arbeid som skulle gjerast i Stortinget. Libero og lagspelar Der bura dei han inn heilt fram til 1997, og der fylgde han både politikken og partiet sitt i magre og feite tider. Han kom inn i 1981, men strevde hardt med å halda hovudet over vatnet fire år seinare, og så mykje likare var det ikkje i 1989 heller. Men så såg Vårherre i nåde til senterrrøsla, og i 1993 gjekk det så over all begripelse at Magnus vart styrar for eit heilt senterbuekorps frå Hordaland, to mann og ei dame i talet, så liberoen frå Austevoll vart lagspelar, om ikkje fullt så trufast som fedjesokningen Vidar Kleppe seier at han var. På Stortinget heldt Magnus Stangeland seg mykje til samferdsla, og det hende det mangt både til godt og gale, og derfor var det postmeldinga som -hamna i skrivebordet til Magnus. Han fekk straffa, då han skulle styra med Posten Norge BA etterpå, med mykje kjeft og lita trøyst for ein mann som rett nok seglar oselvar både i storm og stille, men som likar seg best når andre likar han. Det enda som kjent med at han vart styreformann i Redningsselskapet, og hyrde Anne Enger Lahnstein til å vera overkaptein for skøyteskipparane. Det skal nok gå bra både i brott og brenning, skal vi sjå. Seksti år vert han, og festa skal han sikkert gjera, på sjø og på land. Avisene var glade i han då han kom på Tinget, og media endå meir glad i han då han smått om senn vart veteran der. Men sanninga skal fram. Ein einaste gong gløymde han at han først og fremst er og skal vera vestlending: Han vart overfallen av ein skummel bande i Slottsparken, då han gjekk til fots mellom Stortinget og Osloheimen. Men kva gjorde austevollingen? Han melde ikkje frå til Bergens Tidende, slik han skulle, men til VG! På ein stor dag får ein tilgjeving for det meste. Også dette!