Syndig møte

Frode Grytten får velje kva han vil frå menyen. Marit Eikemo får ingenting. Vi har invitert dei på kafe for å snakke om dødssyndene.

TURID KJETLANDturid.kjetland@bt.no — Eg har mine eigne pengar, eg, seier Marit i ein litt sår tone. Den nybakte mora har så vidt fått manøvrert barnevogna med Alvin (snart tre månader) på plass mellom kafeborda og sett seg ned, då vi opplyser om forskjellsbehandlinga. For vil det ikkje tenne eit stikk av misunning i Marit å sjå Frode fråtse medan ho verken får vått eller tørt? Med overhengande fare for sjølv å synde dødeleg (gjerrigskap), avbryt vi straks det interessante eksperimentet. Begge skal få servering. Unngår vondskap Heldigvis vel dei likt, quiche og kaffi, og dermed unngår vi at det blir skapt grobotn for utvikling av vonde eigenskapar. Det er nok å ta av: Hovmod, sinne, keisemd, begjær og gjerrigskap, og altså fråtsing og misunning. Kort sagt - dei sju dødssyndene. I boka "Synd.no", som denne veka kjem ut på Samlaget, skriv frilansjournalisten Marit Eikemo om misunning i artikkelen "Den eviggrøne draumen om noko anna", og forfattar og journalist Frode Grytten om fråtsing, i "Å svelgje verda i eit einaste jafs".Marit: - Alt vi blir presentert for i det offentlege legg opp til at vi skal vere misunnelege. I media ser vi Kjell Inge Røkke som har alt, vi ser dei kjempedigre luksushyttene folk bygger seg - det fører til at ein kan bli misunneleg for ting ein i utgangspunktet ikkje treng eller ønskjer seg. - Ja, for du skriv om ei jente som eigentleg er nøgd med livet sitt - heilt til ho treff ein gammal kjenning som ikkje blir særleg imponert? Marit: - Ingenting er så trist som når nokon ikkje misunner det du har. Når ein ikkje er trygg på at det ein har er bra nok, vil ein heile tida bli misunneleg konfrontert med det andre har. Då blir ofte reaksjonen at ein hevar seg over dei ein er misunneleg på, som å snakke nedlatande om rikfolks dårlege smak. Ein snobbar nedover.- Men kan det vere ein god eigenskap?Frode: - Når misunninga er blanda med ei beundring for det andre gjer, kan det hjelpe ein å finne ut kva ein sjølv vil få til. Å skrive, i kunstnarleg forstand, kan vere ut frå ei form for misunning på det som er gjort før, og ei lyst til å få til det same. Så erkjenner ein vel etterkvart at ein må gjere det på sitt eige vis.Marit: - Som drivkraft og motivasjonsfaktor i livet meiner mange misunning kan forsvarast etisk. Ei dødssynd blir det vel først når ein så sterkt ønskjer suksess for seg sjølv at ein ikkje unner andre lykke. Sjølvbiografisk - Du Frode skriv om ein mann som ligg på sofaen og ser lekre atletar demonstrere trimapparatet Time Works på skjermen. Sjølv orkar han ikkje å reise seg for å hente meir snop. Er dette ein sjølvbiografisk historie?Frode: - Ja. Med berre fire minutt trening kvar dag kan Time Works få deg i form. Etter å ha fråtsa i mat, må vi kvitte oss med det dårlege samvitet. Men slike apparat verkar sjølvsagt ikkje, og nettopp i fiaskoen ligg suksessen for produsentane. - Så vi føler oss altså syndige etter fråtsinga? Frode: - Sjølvsagt. Det er alltid ein dobbel bodskap reklamen sender du skal både konsumere og vise måtehald, svelgje verda i eit jafs, men utan at det skal synast på deg. Fråtsinga gjeld jo ikkje berre mat. Folk fråtsar i reiser, opplevingar, til og med i andre menneske, der dei kan vere til nytte for eiga vinning. Fordi du fortener det Marit: - Eg rettferdiggjer mi eiga fråtsing med at andre fråtsar meir. Reklamen fortel oss også heile tida at vi skal unne oss ting "fordi du fortjener det". Samtidig har eg ikkje som mål å leve heilt asketisk. Har du?Frode: Slik verda ser ut synest eg vi har eit moralsk ansvar for fråtsinga vår. Men korleis leve på eit vis som verkeleg bidrar til at andre får det betre?- Kan dødssyndene ha noko sunt ved seg? Frode: Sinne er ein god ting, og utan begjæret hadde vi ikkje kome så mykje lenger. Eg ser ingen av dei sju som synder i kristen forstand, dei er djupt menneskelege og ikkje til å unngå. Viss vi innser det, kan vi kanskje bruke dei konstruktivt.Marit: Den som vil halde alt i sjakk begår verkeleg ei dødssynd, å vere hovmodig. Då set ein seg i Guds stad.Ein ting er dei to einige om: Dødssyndene er komne for å bli. Utan dei seks andre ville i alle fall den sjuande leve vidare: Keisemda.

SJU SYNDER: Marit Eikemo skriv m.a. om kva enkelte føler ved synet av nybakte mødre med baby på kafé (ho har sjølv sonen Alvin med). Frode Grytten tek m.a. for seg Body Vibes positive effekt på midjen. Begge er bidragsytarar i boka "Synd.no". FOTO: GIDSKE STARK