Ein trygg ven

Roleg og fint

Publisert Publisert
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Dei fire siste åra har bydd på eitt Odd Nordstoga-album kvart år. Med ”Bestevenn” lyftar trubaduren seg frå fjorårets skuffande album ”November”. Her finn ein songar laga til eller inspirert av ein ny NRK-serie basert på Maria Parr si barnebok ”Vaffelhjarte”. Dermed er alle låtane barnevenlege, og fleire av dei beint fram koselege.

Det tyder ikkje at vaksne ikkje kan lika dei – tvert imot. I kjent Nordstoga-stil får me servert poplåtar blanda med country og norsk folkemusikk, med nokre bridgeparti som bringer tankane tilbake til episke "Dagane” frå plata ”Heim til mor”. ”Bestevenn” opnar knallsterkt – dei tre første låtane er beint fram vakre, og særleg tittelsporet. ”Kva kom du for” er eit anna høgdepunkt, med fleire flotte instrumentaldelar. Det eg saknar, er litt meir fart.

Dei fleste låtane er rolege balladar – i ein barneserie skulle ein tru det kunne vera rom for ein hylande gris eller noko i den dur. Nordstoga rører seg òg meir og meir mot eit Bjørn Eidsvåg-aktig landskap, med stadig mindre countrypreg. Men så lenge det let så vakkert som det gjer, så blir det nesten berre pirk.

Er du enig med vår anmelder?

bestevenn_nordstoga.jpg

Publisert