Malakoff: – Hordaland skal vere glad dei får oss!

Sjå bileta frå rockefestivalen i Nordfjordeid sin siste kveld her.

Publisert Publisert

FULL JUBEL: Artisten Ruben tok imot stor jubel og klapping frå publikummarar. Han er mellom anna kjent med songane Walls, Lay By Me og The Half. Foto: Øystein Torheim

  • Vilde Midtbø Ulsten

Det er laurdag kveld og siste dag av rockefestivalen Malakoff i Nordfjordeid.

Kommunen, som vanlegvis har i underkant av 6000 innbyggarar, har dei siste dagane hatt over 12.000 besøkjande.

Sigrid, Madrugada, Weezer og Bastille er berre nokre av dei 36 artistane som står på scena i løpet av festivalhelga.

– Dette er verdas kulaste jobb! Det er travelt, krevjande og lite tid til søvn, men det er utan tvil verd det, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Han har hatt ansvar for festivalen sidan 2007, fire år etter at Malakoff blei stifta.

Fredag hadde dei publikumsrekord med 12.000 besøkjande på ein dag, og laurdagen var det venta at dei slo også denne rekorden.

FOR STORE OG SMÅ: Alle barn under tolv år får gratis inngang på Malakoff. På dagtid var det blant anna konsert med dei tidlegare MGP Jr.-vinnarane Anna og Vilde. Desse jentene såg ut til å like Madrugada også. Foto: Øystein Torheim

Store artistnamn

– Ved sidan av Bergenfest og Øyafestivalen er nok Malakoff ein av dei mest velorganiserte festivalane. Den er utselt kvart år og mykje betre enn resten av fylket på kulturliv, og det er det ingen logisk grunn til, seier BTs kritikar Einar «Engelen» Engelstad.

Han rosar arrangørane for den kulturelle dugnadsånda, og meiner ein ikkje finn liknande andre stader i landet.

– Styrken til Nordfjordeid er at dei har ein ekstremt oppegåande lineup. Dei klarar gong på gong å lage ein ekte musikkfestival som ikkje berre er bygdefest.

Les også

Festivalopprøret på bygda

FESTIVALSJEF: Arnt-Ivar Naustdal har vore festivalsjef sidan 2007, og er stolt over utviklinga til festivalen. Foto: Øystein Torheim

Arnt-Ivar Naustdal trur dei har klart å opparbeide seg eit godt rykte i miljøet, noko som fører til at nettopp både dei store og små artistane ønskjer å spele her.

– Artistane ser at vi er ein festival som lever opp til forventingane. Biffy Clyro, som spelte her i fjor, tilrådde oss faktisk personleg til Bastille, som spelte her i går, seier ein stolt Naustdal.

– Har Sogn og Fjordane blitt eit kulturfylke å sjå opp til?

– Det trur eg så absolutt, vi har klart å få noko til dei siste åra. Hordaland skal vere glad for at dei får oss med på laget!

– No er vi nedgradert til å plukke boss

Heile 1200 personar jobbar som frivillige under Malakoff, som strekk seg frå torsdag til laurdag. To av dei er brørne Bjørn og Ørjan Haugland. Dei plukkar boss og kasserer øydelagde campingstolar.

– Vi er eigentleg med i eit mannskor og var med på å opne årets Malakoff saman med det lokale bandet Svelene. Og no er vi nedgradert til å plukke boss, seier Bjørn Haugland ironisk.

NØGD MED UNGDOMMEN: – Det er kjekk og høfleg ungdom her ute. Dei rotar litt, men det er ikkje så aller verst, seier Bjørn Haugland (til h.). Her saman med bror Ørjan Haugland. Foto: Øystein Torheim:

Dei trur det er organiseringa og det gode ryktet som er suksessoppskrifta til Malakoff.

– Det finst jo ingen garanti for at ein festival skal leve så lenge som vi har gjort. Det er ikkje berre musikken som gjer dette bra, men den unike stemninga, seier Bjørn.

Han hugsar særleg godt då Malakoff var i oppstartsfasen for 17 år sidan.

– Då likna det ikkje noko av det vi har i dag. Det var ein liten festival med eit par norske rockeband, der artistane overnatta på låven og hjelpte til med kyrne om morgonen. Det var tider.

«Lovleg»-skodespelarane drar alltid på festival

På festivalcampen sit Olav Barmen Trollebø og Ingrid Tykhelle Kayser, kjent frå NRK-serien «Lovleg».

– Eg er her kvart einaste år. Det er så god stemning, og eit samlingspunkt for alle som har røter frå området rundt, seier Kayser, som sjølv er frå Nordfjordeid.

FERDIG MED «LOVLEG»: – Det var veldig kjekt å vere med på å lage «Lovleg», men no er det dessverre over for godt, seier Ingrid Tykhelle Kayser, som spelte Luna i serien. Olav Barmen Trollebø hadde rolla som Alexander. Foto: Øystein Torheim

– Det har eigentleg ikkje så mykje å seie kva band eller artistar som speler her, for stemninga er heftig uansett. Her er det noko for alle, seier Trollebø.

Dei trekk begge fram konserten med Sigrid fredagen som årets festivalhøgdepunkt, og dei er no på veg for å sjå Sol Heilo spele.

ER DU TRØYTT?: – Nei, eg orkar berre ikkje regnet som kom no, seier Ragnar Kløvtveit frå Askvoll, som brukar ei pizzaøskje som regnhatt. Laurdag kom vestlandsvêret, etter to dagar med sol og over 20 grader. Foto: Øystein Torheim

Gjekk for ei miljøvenleg overnattingsløysing

På ein grusplass mellom festivalområdet og campen har fleire valt å sove i «Kartent», som er eit miljøvenleg telt laga av papp.

– Blir de ikkje våte i regnet når de søv i eit papptelt?

– Nei, dei er faktisk vasstette, og skal tydelegvis halde seg slik i 40 timar, seier Kirsti Marie Stave frå Stad.

– Dei var utselde for dei fleste andre overnattingstilbod, så difor tenkte vi at vi skulle prøve ut dette. Det er kjekt å prøve ut noko nytt, seier Lisa Andresen, også ho frå Stad.

PAPP: Fleire har kjøpt «Kartent», som er ferdig oppsett og blir resirkulert etter festivalen. Frå venstre Ådne Østensen, Lisa Andresen, Kirsti Marie Stave og Hege Wold. Foto: Øystein Torheim

ROCKEN FRÅ BERGEN: Punk- og rockebandet Romskip frå Bergen gledde publikum med låtar som «Bøffingen» og «Lei». Her vokalist og gitarist Adem Kollen. Foto: Øystein Torheim

Les også

Samla 300 artistar frå heile verda i Førde

– Det går ikkje an å trekke fram eit høgdepunkt

Like før Sol Heilo går på scena står bergensordførar Marte Mjøs Persen og tar på seg ein regnponcho. Det er første gong ho er på Malakoff.

– Eg er her for festivalstemninga, og den er jo heilt fantastisk. Innsatsen til dei frivillige er fantastisk, og ein ser at dette er ein godt organisert festival. Det har faktisk vore så bra at eg ikkje klarer å trekke fram eitt høgdepunkt, men Sigrids konsert i går var verkeleg god, seier Persen.

Etter Sol Heilo er det tilbake til Bergen for å gjere seg klar til nok ein festival: Tall Ships’ Races.

PUBLIKUMSREKORD: Laurdag var det venta over 12.000 deltakarar innom festivalen. Foto: Øystein Torheim

HAR GÅTT SOLO: Sol Heilo byrja heile karrieren si med Katzenjammer. No turnerer ho som soloartist, men tok sjølvsagt med nokre tidlegare klassikarar, som «Rock – Paper – Scissors». Foto: Øystein Torheim

– Sivert Høyem varma opp for meg

– Malakoff! Det er så godt å vere tilbake! seier Sol Heilo frå scena.

Sist ho var på Malakoff, var ho her med bandet Katzenjammer. No har ho gått solo, og det var dels vemodig for henne.

– Eg blei fødd på scena med Katzenjammer, og hadde aldri planar om å bli soloartist. Då bandet gav seg hadde eg to val: Skulebenken eller musikken, seier ho til BT.

Det blei eit lett val.

NOSTALGI: Desse damene kom nesten heilt fram til scena for å sjå Sol Heilo. Foto: Øystein Torheim

MADRUGADA: I samband med 20-årsjubileet til Madrugada sitt debutalbum «Industrial Silence» er bandet med Sivert Høyem i spissen tilbake på Malakoff. Foto: Øystein Torheim

– Sivert Høyem varma faktisk opp for meg ein gong vi turnerte i Europa, seier ho til publikum.

Mykje har skjedd sidan den gong, og både Heilo og Høyem fekk kvar si scene på same stad i denne kvelden – begge som hovudattraksjonar.

– Korleis synest du det gjekk?

– Dette var betre enn forventa. Du veit det er ein bra festival når du kan snakke med publikum, seier Sol Heilo til BT etter konserten.

Publisert

Les videre

  1. – Blir helt suve­rent

  2. «Heimebane»-skodespelarar der ingen skulle tru at nokon kunne spele teater

  3. Emmylou Harris sitter trygt på tronen, men anmelderen tok til tårene for en annen artist

  4. «Aldri mer kommer jeg til å lytte til countrystjerner fra Sogn og Fjordane»

  1. Musikk
  2. Kultur
  3. Klima
  4. Sol Heilo
  5. Sivert Høyem