- Ikkje det siste vi ser av Kaizers

Kaizers Orchestra tok farvel med Bergen laurdag kveld - utan at musikkritikarane eller fansen kjøper det. Og Janove Ottesen utelukkar ikkje eit Kaizers-comeback.

Publisert Publisert

1.jpg Foto: PAUL SIGVE AMUNDSEN

  • Sondre Åkervik
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Framfor godt over 20 000 syngande, klappande og jublande fans på Koengen, hadde Kaizers Orchestra det dei sjølv kallar avskjedskonserten sin i Bergen. I alle fall på ei god stund.

— Eg trur ikkje på at dei gir seg. Avskjeden deira har vore blant rockhistorias lengste. Dei har snakka om avskjeden i åresvis, men den tar jo aldri slutt. Eg hugsar ei pressemelding frå ein av Oslo-konsertane: ”Kanskje ikkje det aller siste, men iallfall det siste på ei god stund”. Slike avskjedar er det eldste trikset i boka, seier Thomas Talseth, musikkritikar og VG-journalist.

Talseth meiner det er unødvendig av Kaizers å truge med å slutte.

— Inntrykket mitt er at fansen er så lojale at dei kjem uansett, seier han.

Selma Sanden (18) og Ida Eide (18) hadde store forventingar like før konserten starta, og stadfestar Talseth sine fordommar:

— Vi hadde kome uansett. Dei er eit av Noregs beste liveband, og eg blir aldri lei av dei, seier Sanden.

Eide nikkar, og legg til at ho ikkje trur vi har sett det siste av Kaizers-maskineriet.

— Vi satsar på eit comeback, seier ho og smiler.

Flinke businessmenn

Asbjørn Slettemark, mangeårig musikkmeldar og tidlegare programleiar i NRK Lydverket, trur få norske band kunne seld over 20 000 billettar.

— Det er heilt unikt. Kanskje a-ha på sitt aller største kan måle seg. Kaizers er Noregs største liveband, seier Slettemark.

Han trur heller ikkje dette er det siste vi ser av dei.

— Denne turneen har vore ein triumferd, og eit resultat av langsiktig og utrøyteleg arbeid. Men det er ikkje det siste vi har høyrt av Kaizers. Dei vil nok ta ei pause og gjere andre ting, og då er det naturleg å markere.

Både han og Talseth påpeikar at Kaizers er flinke businessmenn.

— Musikalsk og forretningsmessig har dei gjort alt riktig. Eg tenkte Violetta-trilogien var ein gamble, men det løfta dei til nye høgder. Måten dei har bygd opp eiga karriere på er heilt perfekt. Dei dikterer vilkåra framfor at dei blir diktert, og viser at i ei tid der mange meiner musikkbransjen er død, så er det mogleg å ringe kontofonen og le høgt, seier Slettemark.

Talseth stemmer i:

— Med tanke på kor store dei har blitt, er det ikkje tvil om at dei har eit markant namn i norsk rock. Men dei har hatt meir å seie kommersielt enn kunstnerisk. Dei har ikkje hatt så stor påverknad på andre band med tanke på eit musikalsk uttrykk.

- Kan bli eit tomrom

Vokalist i Kaizers Orchestra, Janove Ottesen, seier det er fleire grunnar til at dei no gir seg.

— Det er først og fremst fordi vi har lyst å reise heim til Stavanger. For det andre så kan vi ikkje bli større enn det vi er no, då er det kulare å gi seg medan vi er på topp og ikkje kan bli dårlegare. For det tredje er Kaizers altoppslukande, og vi har ikkje høve til å gjere andre prosjekt, seier Ottesen.

Han ser no fram til å vie tida til andre musikalske gjeremål.

— No har vi lagt ned Kaizers-musikken, men eg vil halde fram å komponere, produsere og lage låtar. Blant anna ein del filmmusikk, seier Ottesen.

- Men er dette verkeleg siste konsert i Bergen?

— Eg håpar og drøymer om at vi kan finne kan finne tid og lyst til å begynne på att. Men det er ikkje planlagt iallfall, og er umogleg å seie no. Om tida blir moden for det, kan det vere akutelt med eit comback. Då må det derimot passe for seks personar, svarar Kaizers-vokalisten.

- Fryktar du eit tomrom etter den siste konserten i haust?

— Det kan det bli, men eg skal gjere alt for å fylle det med andre og nye prosjekt.

Bismak av annonse

VG-journalist Thomas Talseth trekk fram at Kaizers Orchestra har hatt ein heiderleg arbeidskar-mentalitet i løpet av karrieren, og at det sånn sett er vanskeleg å ikkje ta av seg hatten for den langvarige suksessen. Likevel er det ei Kaizers-hending som gav han ein bismak i munnen.

— Då dei gav ut plate nummer to, så trykte dei ei skryteannonse med sinnssjukt gode omtalar. Så valte dei å framheve to kritiske røyster i Morten Ståle Nilsen og Thomas Strzelecki, som begge ga terning 3, og påpekte i annonsen at dei hadde vært Idol-dommarar. Underforstått: Alle skjønte musikkritikk unntatt dei. Det var småleg, og gav meg ein bismak. Det einaste som er verre enn dårlege taparar, er dårlege vinnarar, meiner Talseth.

Han kan i det heile tatt styre begeistringa si overfor bandet.

— Jo meir omparock, jo mindre artige er dei å høyre på. Det er eit gjøglete konsep, sjølv om dei som band har truffe ein nerve. Tekstleg sett er det nesten umogleg å finne ein omtale utan å høyre om ”Kaizers-universet”. Når det er sagt har dei blitt betre med tida. Dei seinare åra har dei laga låtar som er blant det beste eg har høyrt frå dei, fordi dei har roa ned omparocken, seier Talseth.

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. Blomstermarkedet ramponert: – Har rett og slett gått helt amok

  2. Uskyldige ansatte ble anmeldt i halvparten av overgrepssakene i barnehager og skoler

  3. Hele den franske regjeringen går av

  4. Advarer om mulig smittespredning på Bømlo

  5. Nå snør det tett på Finse: – Bruk riktige dekk hvis du skal kjøre til fjells

  6. Boligprisene i Bergen fortsetter å stige