Lagar folket si grunnlov

No får det norske folk sjansen til å laga den nye Grunnlova på TV. I alle fall hvis Are Kalvø får det som han vil.

DEN NYE STATSMAKTA: - Dette er kanskje det mest meiningsfulle me har gjort i livet vårt, seier Markus Gaupås Johansen om TV-programmet "Riksforsamlinga". Frå venstre Johansen, Are Kalvø og Sturle Vik Pedersen.

HÅVARD BJELLAND

Ein vårdag i Bergen i fjor.

På ei scene midt på Torgallmenningen står den gamle Vålerenga-helten Tom Henning Hovi og syng ut om Oslo-klubben sine bragder på fotballbanen. Saman med han står bergensarane Markus Gaupås Johansen og Sturle Vik Pedersen i fullt VIF-utstyr.

Folk blei ganske sure på oss

Ale Kalvø

Nokre meter bortanfor står Are Kalvø og gøymer seg bak ei søyle. Samtidig syklar ein bergensar forbi og kaukar noko om Vålerenga og ræva si.

— Det var ganske greitt, seier Are Kalvø i dag.

Gir dritjobb til bergensarane

Stuntet blei gjort for å testa ytringsfridomen sine grenser. I programmet «Riksforsamlinga», som har premiere 25. februar på NRK1, skal Kalvø prøva å laga ei ny grunnlov til Noregs land.

— Eg prøver å finna ut kva folk meiner om store tema – alt frå ytringsfridom til religion, krig og fred og slike ting. Når du spør folk kva dei meiner, svarer dei som regel hyggjelege ting, men kva dei eigentleg meiner er noko anna. Difor har Sturle og Markus fått den jobben. Sjølv er eg ei pyse, seier Kalvø.

Me har brukt mykje meir tid på å laga dette programmet enn dei brukte på å laga Grunnlova

Are Kalvø

Dei to humoristane frå Bergen har allereie gjort seg kjende gjennom NRK-programmet «5080», og driv satirenettstaden 5080.no.

Kjøpte øl for Kongen

Eitt anna eksperiment dei to bergensarane fekk æra av å prøva seg på, var å gi seg ut for å vera i kongeleg ærend.

— Me prøvde å kjøpa øl til Kongen etter stengetid på butikken, seier Markus Gaupås Johansen, og peiker på at ifølgje Grunnlova (den noverande) kan ikkje Kongen bli skulda for lovbrot.

— Eg trur ikkje me hadde tenkt heilt over korleis me skulle avslutta heile greia, fortset Johansen, og legg til at folk blei ganske sure på dei.

— Ikkje berre dei tilsette, men dei lokale som gjekk der og handla blei også sure, legg kollega Sturle Vik Pedersen til.

- Me har gjort vårt

Trioen meiner dei no har gjort sitt til at det kan koma opp til fleire endringar i Grunnlova frå 1814.

— Me har brukt mykje meir tid på å laga dette programmet enn dei brukte på å laga Grunnlova. Det tok vel to veker eller noko slikt. Eg tør påstå dei slurva. No er det opp til folket og politikarane å sørgja for at det ein gong i framtida blir ei ny lov. Me har gjort vårt, seier Kalvø.

Han ser fram til å fortelja etterkomarane sine om arbeidet han har utført.

— Eg håpar eg om 200 år – for då er eg sjølvsagt i live – kan seia til barnebarna mine at samfunnet i dag blir styrt etter prinsipp som eg var med på å bestemma i lag med eit par ynkelege karar frå Bergen.