Kven som har gøymt seg bak namnet har vore eit mysterium i 15 år.

Men før jul fekk vi endeleg svaret - Andreas Hamran Færø er namnet du skal merke deg.

Den 41 år gamle tobarnsfaren er den største gatekunstnaren i Norge, har tent millionar og hatt utstillingar over heile verda.

I denne podkasten får du høyre Dolk fortelje om livet sitt for første gong.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din podkast-app.

Gjest er kulturjournalist i BT, Kjetil Ullebø, som gjorde intervjuet der Dolk sto fram.

Produsent er Henrik Svanevik.

Fredag lanserer også BT sin heilt nye kulturpodkast «Republikken». Søk den opp i din podkast-app for å få med deg kva som rører seg på Bergens kulturscene.