Siste farvel med kysttrubaduren

Trubaduren Ivar Medaas kjem ikkje med fleire kvikke og lune replikker. 300 menneske tok fredag farvel med Noreg sin største stril i Meland kyrkje.

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 17 år gammel

TOR KRISTIANSEN

— Ivar Medaas skapte fest i kvardagen og gjorde strilemålet respektert og akseptert, sa Totto Osvold i NRK i ei siste helsing frå alle som har samarbeida med Medaas i mediene eller på scena gjennom åra. Han fortalte korleis Ivar Medaas med sitt gode humør fekk medarbeidarane til å slappa av. Han var folkeleg og hadde samstundes profesjonalitet.

20.000 ved Vågen

To minne trakk Totto Osvold fram: Han og Ivar hadde kappspist dei beste vaflane i verda heime hjå Kari og Ivar. 20.000 menneske sto ved Vågen og tok imot «Oster» då dei laga TV-program om båten og song sangen som og vart sunge i kyrkja og på minnesamværet:

Dar kjem dampen, gamle dampen, tak på deg treskorna å spring.

Alversund kyrkje var ikkje stor nok, difor vart siste farvel lagt til Meland kyrkje. Kyrkja ligg midt i kulturlandskapet, høvde godt og hadde plass til alle som kom frå fjern og nær. - I dag tek vi farvel med trubaduren, musikaren og humoristen Ivar Medaas. Han spreidde glede og varme omkring seg. Eg kjenner det slik at heile landet i var tek farvel med Ivar Medaas, sa sokneprest Åge Palmesen i sin minnetale.

Han streka under det store talentet Ivar hadde. Han var seg sjølv, sette strilemålet på kartet og gav kystkulturen eit anlet. Musikken og songane etter han lever vidare, streka han under. So ringje kapteidn og skuta legg ifrå, no vinka dei adle dei kjende.

Alle borna helsa

Helsing frå alle Kari og Ivar Medaas sine tre born, Nils, Yngvill og Heidi, gjorde inntrykk. Nils tok fram praten om kvardag og spurt og fortalde korleis det varme mennesket sprengfyrte.

— Det var mykje lott og leven med pappa. Eg vil sakna han fryteleg, sa Nils Medaas.

Yngvill Medaas Skogen fortalte kor stolt ho var av far sin som artist. Han baksnakka ingen og var ufatteleg snill. Sjukdomen gjorde at han fekk meir tid dei siste åra. Like fullt vart ho overraska når han bad dei sitte ned og slå av ein prat. Og Heidi las eit vakkert sjølvsskrive dikt.

So dreg dei i fløyta og fint det let. Han legg seg til ro innved bryggja.

— Ivar Medaas var ein språkleg føregangsmann. Han gav nytt rom for målet som revyspråk, visespråk og melodisk språk, sa Endre Brunstad i ei helsing frå Noregs Målllag. Ivar Medaas gjorde det lettare for mange å bruka nynorsk. Målrørsla er evig takksam for det han har gjort for norsk språk og kultur.

Berga båtane

Bjørn Aas helsa frå Nordhordland Veteranbåtlag og takka for alt Ivar Medaas har gjort for å berga dei gamle båtane. At han sette melodi til Ragnvald Hammer sin song «Dar kjem dampen» fekk mykje å seia.

Lillebjørn Nilsen, Jon Eikemo, Rune Larsen, Tor Endresen, Bjørn Nilsen og mange andre musikere og artister var der for å ta avskjed.

Sokneprest Åge Palmesen talte om tru, von og kjærleik og takka Vår Herre for trubaduren. No hev han sigla i sekstiseks år. Bidna by og land saman han konne. Og når han so ikkje lenger går, då gret dei bymann og bonde:

Dar gjekk dampen, gamle dampen. Far or triskorna, far stilt!

Kulturredaktørens utvalgte

Nyhetsbrev Jens Kihl er kulturredaktør i Bergens Tidende og gir deg hver torsdag de beste sakene fra kulturverdenen.
Publisert
<b>AVSKJED:</b> Sonen Nils Medaas (til venstre) og Endre Madaas (bror til Ivar Medaas) gjekk foran når dei bar kista ut.