Mann melde seg angrande til politiet. No er store deler av vikingskatten funnen.

Mysteriet om vikingskatten er truleg oppklart etter at ein av dei sikta fekk dårleg samvit og melde seg sjølv til politiet. No er to tredjedelar av gjenstandane funne.

SKATTEN ER FUNNEN: To tredjedelar av vikingskatten som blei stolen frå Universitetsmuseet er funnen. UiB

– Så bra! Vi har visst at politiet hadde funne eit eller anna, men vi måtte vere forsiktige med å seie noko. Dette er så gledeleg! For oss betyr det utruleg mykje, seier fagdirektør ved Universitetsmuseet, Henrik von Achen.

To menn blei torsdag varetektsfengsla for å ha utført museumsbrekket i august. Rundt 400 uvurderlege gjenstandar blei stolne frå museet.

Totalt er tre personar sikta i saka. Det store gjennombrotet kom i oktober, då ein mann kom inn på politistasjonen i Bergen, og fortalde at han hadde utført tjuveriet, og at han angra veldig mykje.

På grunn av hans helsetilstand lét det seg ikkje gjere å ta eit avhøyr, og mannen blei teken hand om av helsevesenet.

Les også

Sagaen om vikingskatten

GLAD: Det var ein lystig Asbjørn Engvik, avdelingsleder for kulturhistorie ved UiB, som møtte pressa torsdag. Paul S. Amundsen

Politiet klarte likevel å få nok informasjon ut av mannen til å arrestere to andre menn i heimane deira i Bergen.

Den første av dei tre mennene er tidleg i 40-åra, tidlegare straffedømd og uføretrygda.

Begge dei to som blei varetektsfengsla torsdag vedgår delvis straffskuld.

VIKINGSKATTAR: Fleire uvurderlege gjenstandar blei tatt frå Universitetsmuseet. Universitetsmuseet

Fleire gjenstandar er knuste

Politiet trur ikkje innbrotet var særleg planlagt.

– Dette er eit ordinært tjuveri, med eit ekstraordinært utbyte, seier politiadvokat, Linn Revheim.

Gjenstandane har gått gjennom ei røff handsaming, og nokre av tinga er knuste i fleire delar.

– Det blir ein stor jobb for konservatoren å setje dette saman igjen, seier Asbjørn Engevik, som er leiar for kulturhistorisk avdeling ved UiB.

KNUSTE VINDAUGE: Tjuvane kom seg inn gjennom eit vindauge i sjuande etasje. Politiet

– Dette betyr mykje for oss

Tjuvane klatra sju etasjar opp eit stillas som var oppført rundt tårnet på museet for å kome seg inn.

Deretter knuste dei eit vindauge, braut seg inn i magasina og stakk av med nesten 400 gjenstandar, hovudsakeleg frå vikingtida.

– Eg er så glad for det som er funne, men framleis fortvila over det som manglar. Vi håpar etterforskinga vil føre til at resten også kjem tilbake, seier von Achen.

Det var BA som først omtalte arrestasjonane.

https://api.schibsted.tech/proxy/content/v3/publication/BT/multimedias/f90336a073e2957620ab0d65cd440969/dsfsdf

Kan kome fleire arrestasjonar

Etter det BT erfarer blei ein av mennene arrestert på tysdag, og politiadvokat Linn Revheim seier at det kan vere aktuelt med fleire arrestasjonar i saka.

Ho ville ikkje kalle arrestasjonane for eit gjennombrot, men eit framskritt.

– Det er i alle fall blitt gjort arrestasjonar, så ein viss progresjon i saka kan ein kalle det, sa politiadvokaten under fengslingsmøta torsdag.

Fengslingsmøta gjekk for lukka dører. Årsaka var at politiet frykta bevis skulle bli øydelagde i saka. Dei var også redde for at opne dører skulle gå ut over den vidare etterforskinga.

INFORMERTE: Politiadvokat Linn Revheim og Asbjørn Engvik, avdelingsleiar for kulturhistorie ved Universitetet i Bergen, heldt torsdag kveld ein pressekonferanse om utviklinga i saka. Paul S. Amundsen

– Eg ropte hurra!

Også formidlingsleiar ved museet, Kari Årrestad, er svært spent på om også resten dukkar opp. Torsdag ettermiddag sat ho på politihuset og venta utolmodig på pressekonferansen etter fengslingsmøta.

– Då eg fekk vite at to personar var arrestert sa eg berre «hurra»! fortel ho.

Etter tjuveriet har ho ofte gått rundar rundt museet i håp om at tjuvane angra seg, og at gjenstandane skulle dukke opp igjen.

– No er eg veldig glad, men også avventande. Eg har ikkje fått noko informasjon endå, og lurer på om vi no endeleg kan få alle gjenstandane tilbake, fortel ho.

JUBLA: Formidlingsleiar Kari Årrestad jubla då fekk høyre om framgangen i tjuverisaka. Geir Martin Strande

Få spor fram til no

Fleire tilsette ved museet har vore redde for at vikingskatten skulle vere tapt for alltid.

– Dersom dei stolne gjenstandane ikkje kjem til rette, er dette utan samanlikning den verste hendinga i 200 år med norsk museumshistorie, sa von Achen på UiB sine nettsider like etter tjuveriet.

Fram til no har det vore få spor i saka.

Politiet fann to DNA-profilar i samband med dei tekniske undersøkingane på åstaden, men då Kripos undersøkte dei opp mot sitt register over tidlegare straffedømde fekk dei ingen treff.

Det kom også inn ei rekke tips frå folk som hadde sett liknande gjenstandar til sals på E-bay og andre nettstader. Kvar gong blei tipsa sjekka ut av saka.

Men no ser det altså ut til at mysteriet er løyst. Allereie er fleire av gjenstandane tilbake museet, og arbeidet med å få oversikt er i gang.