Politisk poesi

No vil Bergens internasjonale poesifestival, Audiatur, flytta den politiske diskusjonen på bakrommet ut til publikum, seier programansvarleg Paal Bjelke Andersen.

DISKUTERER VEGEN VIDARE: Paal Bjelke Andersen er programansvarleg for poesifestivalen Audiatur.

— Audiatur arrangerte eit seminar i går for å diskutera vegen vidare. Kva var målsetjinga?

- Eit tiårsjubileum er eit ypparleg høve til å diskutera poesifestivalen som form. I staden for å feira oss sjølv, vil me tenkja framover mot neste festival, som er i april 2014.

— Viss me likevel ser litt bakover: Korleis har Audiatur endra seg?

- Då Audiatur starta i 2003, hadde festivalen større fokus på lydpoesi og visuell poesi, altså formale trekk ved dikta. Med dette seminaret ville me leggja opp til ein politisk diskusjon rundt festivalen.

— Javel?

- Samfunnet har endra seg dramatisk i løpet av dette tiåret. Dei vestlege samfunna deltek i ein «krig mot terror» som ikkje ser ut til å enda, velferdssamfunna blir meir og meir til konkurransesamfunn, og i fleire og fleire område av livet skal me vera produktive og skapa verdiar.

— Gjeld ikkje dette poesien?

- Ein amerikansk forleggjar sa ein gong: «Viss du har eit papirark, har det ein viss verdi. Viss du trykkjer eit dikt på det, misser det den verdien.» Poesien er eit språk som ikkje kan betala for seg. Økonomisk er det heilt verdilaust. Men dei som støttar festivalen forventar sjølvsagt at me skal produsera ein annan, humanistisk verdi. Audiatur står i fleire paradoks: Samfunnets rammer og forventningar, poesiens trong til å finna sin eigen, autonome form og poetanes trong til å seia noko om verda utanfor.

— Til festivalen i april har de invitert tolv verk, ikkje poetar.

- Ja, me har invitert verka, men poetane følgjer med. Dette er verk som forheld seg til dei sosiale, politiske og historiske samanhengane dei er skrivne i. Poesifestivalar er ofte samlebandopplevingar, der poeten gir ein verbal presentasjon av siste boka si. Dei har snev av forfattaranes «Se og Hør». Ved å eksplisitt flytta fokus frå poeten til verket, ønskjer me at publikum skal føla at dei er med i ei kollektiv lesing.

— Blant dei tre som var invitert til helgas seminar var Franco Berardi.

- Han har vore ein politisk aktivist i Italia sidan 60-talet. Han er marxist og ein viktig del av autonomia-rørsla på 70-talet. Det dei fekk til, var å skapa fungerande fellesskap.

— Politisk plasserer Audiatur seg på venstresida?

- Sjølvsagt gjer me det. Me held på med poesi, og som menneske i samfunnet ønskjer me å agera på best mogeleg måte i samfunnet. Det gjer ein på venstresida.

— Korleis vil rammene for festivalen endra seg med den nye blå regjeringa?

- Økonomisk veit me ikkje enno, men me er så heldige at me er på Bergen kommunes kulturbudsjett. Reint generelt vil eg tru at me vil få mange fleire eksplisitte ytringar frå kulturfeltet. Det er mykje å ta tak i for ein poet.