Stille rom

utstilling/biletkunst Harald E. Tørresen,Hordaland KunstnersenterForlokkande gåtefullt

Publisert Publisert

Bergenskunstnaren Harald E. Tørresen (1964) syner fram 13 måleri måla i perioden 1993-2001 i Storsalen på Hordaland Kunstnersenter. Med tanke på at bilda er måla over eit tidsspenn på ni år, er dei bemerkelsesverdig like i formspråket. Det er sterkt inspirert av popkunsten gjennom ein utstrekt bruk av kvardagsgjenstandar og bilde frå massemedia som er attgjevne i ein sirleg, nærast fotorealistisk penselføring.Her vert vi ført inn i eit 50-talsunivers bygd opp av tidstypiske kvardagsgjenstandar, fotografi og filmreferansar. Eksempelvis viser "3 + 3" (1993) eit kjøkkeninteriør med ein tidstypisk asketisk estetikk av stålrøyrstolar og brunmønstra gardiner. Underleg nok svever det seks digre globoidar framfor dette sceneriet. Karakteristisk for stilen hans, så har han ikkje gjort noko forsøk på å integrere desse "framandlekamane" i bildeflata, bildet står dermed fram som ein måla collage. Det same ser vi blant anna "Teatime" (1998/01), der ein gammaldags tannlegestol er omkransa av kaffikoppar og asjettar med halvetne kjeks, medan eit maskeliknande hovud av Raudhette er plassert på ein bakgrunn med motiv av ein flyplass i "International (zone)" (2000/01). Ein nipsfigur av Maria med Barnet er plassert over eit oversiktsbilde av ein drabantby i "International (suburb)" (2000/01). Vi tek uvilkårleg til å fundere over korleis desse samanstillingane kan tolkast — som om dei var teikn i bilderebusar. Men til forskjell frå rebusen, så tilbyr Tørresens bilde oss ingen eintydige løysingar. Kvar gong vi trur vi er på sporet av bildets innhald, så glepp det unna. Og dette ser vi kanskje særleg klart i eit arbeid som "Storyboard", beståande 9 små måleri, kvart med motiv av eitt enkelt objekt - som ei grein, eit fat og ein frosk. Same kor vi snur og vender på det, så forblir verket like taust. Dette utilnærmelege frustrerer oss, men samstundes verkar det forlokkande - og bilda klarer dermed å fengje oss med sine diskri lovnader om at dei verkeleg har noko kosteleg å løyne for oss.Desse stille, innovervende bilda har fått ei god ramme i Storsalen til HKS; døra og vindauga er dekt til, og lemmen ned til krypten er attlaten. Utstillinga er bokstaveleg tala kapsla inn i ei kvit kube som lukkar måleria inne i si eiga sfære, trygt avskjerma frå dei to andre utstillingane som HKS syner fram for tida; Morten Hansens grafikkutstilling i andre etasje, og den sjarmerande utstillinga "Krokodillemannen, snabelkvinnen og leppedyrene" av Ellen Solberg i krypten. Tørresen, Solberg og Hansen presenterer også så pass forskjellige ting at ei tettare samanstilling ville verka forstyrrande på utstillingane innbyrdes.MELD AV EVA FURSETH

Publisert