Melder seg ut av Forfatterforeningen

Olaug Nilssen har meldt seg ut av Forfatterforeningen i sinne.

SINT: Olaug Nilssen har skrevet romanar, sakprosa og skodespel. No søkte ho om arbeidsstipend for første gong på åtte år, men fekk nei. Jan M. Lillebø

Norsk Kulturråd delte onsdag ut arbeidsstipend og andre stipend til totalt 894 kunstnarar i ulike kategoriar. Same dag melde forfattar Olaug Nilssen seg ut av Den Norske Forfattarforening.

— Eg var sint fordi eg ikkje fekk arbeidsstipend og melde meg ut i affekt. Og eg skjønar at det er dumt og barnsleg, seier forfattaren, mellom anna kjend for bok-, teater- og filmsuksessen "Få meg på for faen", og tidlegare kåra til ein av Norges ti viktigaste unge forfattarar.

Vil ha breiare råd

Det litterære råd i Forfatterforeningen vel ut kven som skal få stipend, difor melder ho seg altså ut av foreininga.

— Eg meiner du skulle vore ei anna og breiare samansetjing av Det litterære råd. Det er ingen grunn til å tvile på at dei forfattarane som sit der er samvitsfulle, men rådet burde og hatt litteraturvitarar og kritikarar. Då slepp ein å føle seg avvist av kollegaer. Eg veit mange som reagerer på akkurat det, særleg dei som ikkje ein gong får vere med i foreininga.

Nilssen har sjølv site i Kulturrådet, men har to gongar sagt nei til å sitje i Det litterære råd på grunn av usemje i måten det er samansett på.

Over 200 forfattarar søkte på dei 37 arbeidsstipenda Forfatterforeningen og staten deler ut i år. Det er første gong på åtte år at Nilssen søkte om arbeidsstipend. Men no hadde ho eit prosjekt ho hadde stor tru på, og som ho trong pengar til.

Les også: Blandet kritikk for Olaug Nilssen

— Eg har ein gong før, i starten av karrieren, fått arbeidsstipend i eitt år. Det er eg takksam for. Men med tanke på at eg ikkje har søkt på åtte år, blei eg skuffa over at eg ikkje fekk stipend denne gongen, seier forfattaren som er busett i Bergen og tilsett i Norsk Forfattersentrum.

- Frigjerande

Nilssen skreiv om at ho hadde meldt seg ut av Forfatterforeningen på Facebook.

— Kjem du nokon gong til å melde deg inn i foreininga?

— Det var frigjerande å melde seg ut. Og eg kan framleis søke om stipend og få juridisk bistand. Eg forstår at det er dumt å ta frå seg sjølv sjansen til å påverke foreininga. Om eg ein gong kjem luntande attende, var eg i alle fall glad og opprømt då eg melde meg ut.

- Godt system

Leiar i Den norske Forfatterforening Sigmund Løvåsen, synest det er trist at Nilssen meld seg ut.

— Vi skulle gjerne hatt Olaug Nilssen med oss vidare. Men eg forstår frustrasjonen. Det er mange fleire søkjararar enn det finst stipend, difor er det mange som no har prosjekt dei må skrinleggje eller utsette, seier han.

– Nilssen vil ha eit breiare litterært råd. Kva tenkjer du om det?

– Det har vore diskutert og greia ut mange gongar, men ein har landa på at fagfellevurdering er det beste. Eg meiner det systemet vi har med heile ni medlemmar, plukka ut med omsyn til alder, kjønn, litteratursyn og geografi, er eit godt system. Det sikrar tung, kunstfagleg vurdering. Eg kan forstå at det kjenst tungt å bli avvist av kollegaer, men eit avslag på stipendsøknad handlar ikkje nødvendigvis om at ein ikkje held mål som forfattar. Det er berre ikkje nok stipend til alle, seier Løåsen og legg til at Nilssen er velkommen tilbake i foreininga om ho skulle ønske det.

I så fall slepp ho å søkje om medlemskap, ho treng berre å betale medlemsavgift.