«Når Erna Solberg var kommunalminister, var det ordføraropprør kvart einaste år for kommuneøkonomien»

I JERN: Erna Solberg og Høgre var ikkje berre misnøgd med tilnavnet «Jern-Erna». Ho fekk sitt eige namn i metall i gåve av Unge Høgre på landsmøtet i 2009. SCANPIX (ARKIV)

Mykje av TV2s partileiardebatt 21. august handla om eldrepolitikk. Mykje av årets valkamp handlar om korvidt det stod verre eller betre til då dei borgarlege styrte sist.

Sp-leiar Liv Signe Navarsete drar óg Bondevik II-kortet innimellom. Bondeviks andre regjering, sett saman av Høgre, KrF og Venstre, styrte landet frå stortingsvalet i 2001 til stortingsvalet i 2005. Då var dagens Høgre-leiar Erna Solberg kommunalminister og dermed ein av Navarsete sine forgjengarar i embetet.

— Kvart år

— Når Erna Solberg var kommunalminister, var det ordføraropprør kvart einaste år for kommuneøkonomien. Det vart ikkje meir sjukeheimsplassar av det, sa Navarsete i TV-debatten.

Som faktasjekk.no har nemnd før, var Solberg ein til tider omstridd kommunalminister som fekk tilnamnet Jern-Erna.

Men ordføraropprør kvart år? Det ønskte vi å sjekke.

Vi kontakta Senterpartiet for å høyre korleis dei grunngjev påstanden.

«Navarsete ønsket med denne påpekingen å illustrere at den økonomiske situasjonen for kommunene under Erna Solberg som kommunalminister var svært trang – så trang at sindige ordførere år etter år gikk til aksjon mot regjeringen. Det finnes svært få eksempler på at aksjoner samler ordførertall av betydning», skriv statssekretær Erlend Fuglum i Kommunal- og regionaldepartementet.

Sjekka avisarkiv

Ordboka har fleire definisjonar for 'opprør' (for ordens skuld, vi har aldri trudd at Sp meinte opprør i tydinga 'væpna reising'). I denne samanhengen set vi som premiss at 'ordføraropprør' er ei form for organisert motstand mot regjeringens politikk, der ordførarar (meir enn ein) har vore sentrale drivkrefter.

Vi set òg som premiss at eit ordføraropprør ikkje har vore eit opprør med mindre det har vore offentleg kjend og omtala.

Analysebyrået Retriever samlar artiklar frå dei fleste aviser og nettaviser i Norge. Eit ordføraropprør burde det finnest spor etter her.

Derfor sjekka vi Retriever sin database på søkeorda 'ordfører/ordførar' og 'opprør' i åra då Solberg var kommunalminister. (Retriever er ei teneste som krev abonnement for å få tilgang.)

«Opprør»i 2001

Bondevik II-regjeringa kom til makta hausten 2001. Som kuriositet kan vi nemne at sommaren 2001 var det óg eit ordføraropprør, leia av Sp-ordfrøraren Jan Thorsen i Nome mot Stoltenberg I-regjeringa. 105 ordførarar støtta dette oppropet, ifølgje NRK. Klagemålet gjekk ut på at staten ikkje løyvde nok pengar til satsing på eldreomsorgen.

Erna Solberg hadde ikkje mykje tid på seg til å sette sinna i kok i Kommune-Norge i 2001. Men Nordlys rapporterte følgjande allereie 17. november 2001:

«Ordførerne gjør opprør i Troms. Når Troms KS samles til fylkesmøte mandag, presenterer ordførere i fylket sitt trekk mot det de mener en rikspolitisk utarming av kommunene.

Vi vil gjøre det klart at vi kommer til å nekte å ta på oss nye reformer og statlige pålegg hvis de ikke er 100 prosent finansiert, sier ordfører Roy Waage (KrF) i Skjervøy til Kommunal Rapport.

Det er Bondevik-regjeringen som har foreslått å gi kommunene 100 millioner kroner ekstra over rammetilskuddet for å gjennomføre en slik satsing.»

KrF-ar Waage var altså tidleg ute med kritikk av eiga regjering. Han melde nokre år seinare overgang til Kystpartiet.

«Opprør» i 2002

I 2002 fekk vi fleire opprørstreff i arkivet. Her er nokre døme:

«Over 90 Senterpartiordførere fra hele landet samlet seg i går formiddag i regjeringskvartalet. Kommunalminister Erna Solberg ble overrakt en øks med oppfordring om selv å kutte vekk de delene av kommuneøkonomien de ikke selv har hjerte til å gjøre», skreiv Klassekampen 4. juni 2002. Overskriften var «ordføreropprør mot kommunekutt».

«Ordførere fra regjeringspartiene refser sine egne for budsjettforslaget som ble lagt frem torsdag. KS-direktør Olav Ulleren spår opprør i kommunene hvis forslaget blir vedtatt i Stortinget», skreiv Telemarksavisa 5. oktober 2002. Og her, frå VG dagen før, under tittelen «ordførere i fullt opprør»:

«Statsbudsjettet blir mottatt med unison skuffelse i Kommune-Norge. Flere av KrFs ordførere tar nå til orde for at partiet må tre ut av Regjeringen. VG snakket med 33 av KrFs 43 ordførere, 8 av Venstres 10 ordførere og flere Høyre-ordførere etter at statsbudsjettet ble lagt fram i går. (...) De aller fleste er bekymret for lokaldemokratiet når de frie overføringene til kommunene kuttes. Flere KrF-ordførere mener prisen for å sitte i regjering med Høyre begynner å bli vel høy.»

«Opprør»i 2003

Det vart bråk óg i 2003. Dette er saksa frå ei sak i Avisa Nordland 26. november 2003, med tittelen «nytteløst ordføreropprør»:

«De har knapt blitt varme i stolen, de 124 ordførerne som har gått sammen om å protestere mot knappe overføringer. «Nok er nok!» og «Tid for handling!» var beskjeden i oppropet ledet av Nedre Eiker-ordfører Rolf Bergersen som statssekretær Gunnar Kvassheim mottok på vegne av statsminister og kommunalminister i går.»

Bergersen var Ap-ordfører i Nedre Eiker og organiserte «ordføreropprøret» i 2003. ## «Opprør»i 2004

Året etter var Ap-ordfører i Gjøvik, Tore Hagebakken, sentral. Dette skreiv Adresseavisa 12. oktober 2004:

«Aksjonen som blir omtalt somordføreropprørhar sitt utspring i Gjøvik, der Ap-politiker Tore Hagebakken er ordfører. Oppropet han lanserte noen timer etter at statsbudsjettet var lagt frem, reiser krav om minst 3,5 milliarder kroner mer i frie inntekter til kommunene. Ordførerne krever at regjeringen og Stortinget stopper nedbyggingen av skole, omsorg og andre viktige tjenestetilbud, og at kommuneøkonomien blir rettet opp gjennom en helhetlig og forpliktende plan.»

Fargestyrte opprør

Desse opprøra hadde til felles at dei følgde dei politiske skiljelinene. Det var få borgarlege ordførarar som kritiserte eigen regjering. Ein av dei få og mest markante kritikarane var som tidlegare nemnd KrF-ordførar Roy Waage i Skjervøy.

Opprøret i 2002 var styrt av 90 Sp-arar, men det var òg eit par Høgre-ordførarar med på aksjonen, ifølgje Klassekampen.

Hagebakken sa sjølv om 2004-opprøret at dei aller fleste som støtta han, var Ap- eller Sp-medlemer.

Stille i 2005

Men i 2005 finn vi ingen teikn til nye ordføraropprør. Valet var over før statsbudsjettet vart lagt fram. Tidlegare opprørsgeneralar rekna med ei solid kommunepåplussing på budsjetta med den nye raudgrøne regjeringa.

«Ordføreropprørenes tid er over«, var bodskapen frå Aps Tore Hagebakken 13. april 2005, ifølgje Kommunal Rapport. Høvet var at Jens Stoltenberg i landsmøtetalen hadde lova langt meir pengar til kommunane om dei fekk makta til hausten.

Hagebakken prøvde likevel å halde liv i misnøya fram mot valet. Vi finn eit lite intervju med Hagebakken hjå NRK Hedmark og Oppland 13. mai 2005. Han meiner då at det «... ikke er noen grunn til å avlyse ordføreropprøret sjøl om regjeringen varsler mer penger til kommunene neste år».

«Jeg synes regjeringspartienes egne ordførere nå bør gjøreopprørmot det glansbildet som Erna Solberg tegner. For oss i kommunene er det virkelig fredag den 13.», sa Hagebakken ifølgje NRK.

Det ser ikkje ut som om borgarlege ordførarar tok oppfordringa hans i valåret 2005. ## Seinare opprør

Det har óg vore ulike ordføraropprør i den raudgrøne regjeringa si regjeringstid. Dei vi har funne spor av i avisarkiva, handlar om sjukehusnedleggingar, manglande tiltak i Nasjonal Transportplan, den mykje omtala motstanden mot kraftmaster i Hardanger og andre upopulære utbyggingsprosjekt.

Men noko direkte opprør mot kommuneøkonomien har vi ikkje funne.


Rate: Feil

Påstand: «Når Erna Solberg var kommunalminister, var det ordføraropprør kvart einaste år for kommuneøkonomien»

Kilde for påstand: Liv Signe Navarsete (Sp) i TV2s partileiardebatt 21. august 2013

Vår konklusjon: Kommunalministeren Erna Solberg fekk raskt mange ordførarar mot seg. Vi finn døme på opprør mot kutt i kommuneøkonomien i 2001, 2002, 2003 og 2004. Dei siste protestane kom så seint som i oktober 2004. I valåret 2005 var det roligare. Avisene melde i alle fall ikkje om sinte ordførarar dei siste månadane før Solberg gjekk av. Ein kan kanskje hevde at det ikkje var opprør i kalenderåret 2005, men då er vi djupt inne i semantikken. Liv Signe Navarsete har rett i påstanden. Ein heilt anna sak er om talet på sinte ordførarar frå opposisjonspartia er ein god indikator på korleis det står til kommune-Noreg.

Vurdert av: Gard Steiro, sjefredaktør