«Sjølvforsyningsgraden av jordbruksvarer har aldri vore lågare»

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) frå Bergen skreiv om tollsatsar og tollvern på eigen blogg i sommar. Toll på matvarer frå utlandet er viktig for partiet som vart starta av bonderørsla i 1920. Toppe meiner vi produserer for lite mat i Norge:

«I dag har vi ein situasjon der Noreg importerer over 60 prosent av jordbruksvarene våre. Sjølvforsyningsgraden av jordbruksvarer har aldri vore lågare. Høgre har sikkert rett i at ein kan overleve på sild i ein krisesituasjon. Men sjølvforsyning er meir enn fisk! Styrka matvaretryggleik inneber at vi må gjere oss mindre avhengige av import av jordbruksråvarer og ferdigmat frå utlandet. Då må norsk produksjon av jordbruksvarer aukast.»

Fire reknemåtar

Vi spurde Toppe om dokumentasjon for at sjølvforsyningsgraden aldri har vore lågare enn no.

Ho viste til tal frå NILF, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning, og hevda at sjølvforsyninga av jordbruksvarer no er nede på 39 prosent.

NILF og forløparane til NILF har i mange år målt korleis det står til med sjølvforsyningsgraden i Norge. Dei sende oss tidsseriar som går attende til 1980-talet, med einskilde målingar heilt attende til 1954. Tala år for år skal vere samanliknbare, opplyser NILF.

Dei har fire ulike metodar for å rekne på sjølvforsyningsgraden:

  • «Dekningsgrad» er total norsk produksjon delt på behov, altså alt vi produserer av mat til oss sjølve, pluss eksport minus import. Viss graden hadde vore 100, hadde vi innanfor Norges grenser produsert all mat som trengst for å fø alle nordmenn.
  • «Sjølvforsyningsgrad inkl. fisk» er kor stor del av maten vi produserer sjølve til eige forbruk.
  • «Sjølvforsyningsgrad ekskl. fisk» er andel av maten vi produserer i jordbruket til eige forbruk. Fiskeoppdrett og annan sjømat er ikkje medrekna.
  • «Norsk jordbruk med norsk fôr» er maten vi produserer i jordbruket til eige forbruk, men ikkje medrekna mat som er produsert med importert fôr.

Det er denne siste målemetoden Toppe viser til i sitt blogginnlegg.

Vanleg å ta med fisk

Fungerande direktør i NILF, Lars Johan Rustad, presiserer at den vanlegaste parameteren å bruke er sjølvforsyningsgrad inkludert fisk.

— Denne er brukt mellom anna i stortingsmeldinga «Velkommen til bords», seier Rustad.

«Norsk jordbruk med norsk fôr» slutta NILF å måle på 1990-talet, men etter nokre år blei målingane tatt opp att, mellom anna etter ønskje frå bondeorganisasjonar.

— Bondelaget, Småbrukarlaget, delar av Landbrukssamvirket og Felleskjøpet er opptatt av óg å få fram utviklinga i norsk produksjon basert på norsk fôr, seier Rustad.

80- og 70-talet var verre

Sett bort frå dekningsgraden har alle parametrane for sjølvforsyning falt dei siste åra, medan Senterpartiet har site i regjering og har hatt landbruksministeren. Toppe har nesten rett når ho seier at andelen jordbruksvarer produsert med norsk fôr no er nede på 39 prosent. I 2012 var andelen 39,7 prosent. I 2011 var andelen litt høgare (40,7), men i 2010 var andelen marginalt mindre enn i fjor, 39,5 prosent.

Toppe skreiv at sjølvforsyninga «aldri» har vore lågare. Men tala frå NILF viser at graden har vore langt lågare enn i dag om ein går attende i tid. I 1989 var andelen mat produsert i norsk jord med norsk fôr berre 36,3 prosent.

Alle målingane vi har tal for på 1970-talet, viser óg lågare sjølvforsyningsgrad enn i dag.

Den store eksporten av oppdrettsfisk til utlandet har ført til at dekningsgraden aldri har vore høgare enn dei siste åra.

SJØLVFORSYNT? Kjersti Toppe argumenterer for tollvern med at sjølvforsyningsgraden må opp. BT (ARKIV)

PROTEST: Bøndene protesterte og streika mot jordbruksoppgjeret i 2012. Her protesterer dei i Oslo. HÅVARD BJELLAND (ARKIV)


Rate: Feil

Påstand: «Sjølvforsyningsgraden av jordbruksvarer har aldri vore lågare»

Kilde for påstand: Kjersti Toppe (Sp) i blogginnlegg

Vår konklusjon: Toppe viser til forsyningsgraden av jordbruksvarer, og derfor er det naturlig å holde fisk utenfor når vi ser på selvforsyningsgraden. I likhet med Toppe, ser vi på kategorien "Norsk jordbruk med norsk fôr". Likevel kan vi ikke se at hun har dekning for å påstå at forsyningsgraden aldri har vært lavere. Den var lavere i 2010, og det var lavere nivåer på både 70— og 80-tallet. For deler av 90-tallet finnes det ingen målinger, men det spiller ingen rolle i dette tilfellet: Påstanden er feil.

Vurdert av: Tor Olav Mørseth, nyhetsredaktør