Nei, elbilar er truleg ikkje meir brannfarlege enn fossilbilar

Den veldige parkeringshusbrannen vart raskt kopla mot elbilrevolusjonen på norske vegar.

Publisert: Publisert:

STORE SKADAR: Brannen i parkeringshuset på Sola tysdag har ført til skadar på fleire hundre millionar kroner, truleg heilt opp mot ein halv milliard. Over 300 bilar kan ha gått med i brannen. Foto: Carina Johansen, Scanpix

Påstandar om at ein elbil hadde forårsaka storbrannen vart publiserte like etter brannen i parkeringshuset ved Stavanger lufthamn. Seinare skulle det visa seg at det var ein dieseldriven Opel Zafira frå 2005 som først tok fyr.

Sidan elbilar er eit forholdsvis nytt fenomen, er der avgrensa forsking på brannfare. Det som finst peikar likevel mot lågare brannfare med batteridrift enn med diesel og bensin.

1. Det er langt færre elbilbrannar

Dei aller fleste bilbrannar skjer i bensin- og dieselbilar. Dei siste fire åra har det vore 3620 bilbrannar i Noreg. Berre 60 av desse var elbilbrannar. Dette kan tyda på at elbilar er langt mindre brannfarlege enn fossilbilar. Når ein tar høgde for at det er langt færre elbilar i høve til fossilbilar på norske vegar, brenn det grovt rekna fire gongar så ofte i ein bil som går på bensin eller diesel.

Også tal frå bilprodusenten Tesla peikar i same lei. Tesla har rekna seg fram til at det i USA er åtte gongar så stor risiko for brann i ein fossilbil som i ein Tesla.

TRYGT: Tesla hevdar å ha tal som syner at dei lagar bilar som brenn sjeldnare enn dei som går på bensin og diesel. Ved lading heime tilrår DSB eigne veggboksar. Stikkontakt skal berre brukast unntaksvis. Foto: Chuck Burton, TT NYHETSBYRÅN

2. Batteri kan brenna

Forsøk har vist at batteria i ein elbil kan ta fyr ved ein kollisjon, men at det tar tid etter kollisjonen før dei byrjar å brenna. Batteria kan også byrja å brenna ved høg varme i ein brann, men det skal svært mykje til.

Ved ein garasjebrann vil drivstoffet i bensin- og dieselbilar mykje fortare byrja å brenna enn batteripakken i ein elbil.

Det er også svært få eksempel på at sjølve elbil-batteriet er årsaka til brannen.

BRANNTEST: Sjølv med propanflamme rett mot batteriet, var det interiøret i den indiske elbilen Tata som tok fyr. Foto: SP Fire Research

3. Batteri brenn på ein annan måte

Det er mykje meir energi i tanken på ein fossilbil enn det er i batteria i ein elbil. Så lenge drivstoffet ikkje byrjar å brenna, vil ein brann i plast og innreiing arta seg likt.

Ein brann i bensin og diesel er eksplosiv med høg energi. Ein brann i ein batteripakke utviklar seg sakte med lågare energi. Det vil brenna over mykje lenger tid. Brannvesenet må bruka store mengder vatn for å kjøla ned og sløkka ein slik brann.

4. Risiko ved lading

Medan fossilbilane fyller drivstoff på bensinstasjonar, må elbilar ladast. Bruk av godkjent ladeutstyr heime, eller offentlege ladeplassar, blir rekna som trygt når det gjeld brannfare.

Skøyteleidning og vanleg stikkontakt bør berre brukast til naudlading. Hyppig bruk av slik lading vert rekna som brannfarleg.

Kjelder: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og SP Fire Research AS

Publisert: