Personstrid til siste slutt
Det er sterk strid om kven som skal bli ny nestleiar i SV. Striden kan opne for andre kandidatar enn dei som er innstilt av valkomiteen.
- Vidar Ystad

Dei to er Ingrid Fiskaa frå Bryne og Bård Vegar Solhjell frå Naustdal.
Sentrale SV'arar meiner Fiskaa er blitt utsett for urimeleg og usakleg kritikk i ein freistnad på å svekkje kandidaturet hennar.
Eit klart fleirtal i den førebuande valkomiteen gjekk inn for Fiskaa. Mindretalet på to heldt på tidlegare partisekretær Bård Vegar Solhjell som no er statssekretær ved statsministerens kontor.
Eit framlegg om ein kompromisskandidat vart oppgjeve ettersom dei to i mindretalet nekta å fråfalle Solhjell sitt kandidatur.
Innstillinga vart oppfatta som eit rapp over fingrane til partileiar Kristin Halvorsen, sidan det har vore opplese og vedteke at ho sterkt ønskjer seg Solhjell som ny nestleiar.
Altfor lojal?
Motstanden mot Solhjell botnar ikkje minst i at mange ser det som problematisk å få ein nestleiar som vil vere underordna og må vere lojal overfor partileiaren i eit anna parti, statsminister Jens Stoltenberg (Ap).
Kristin Halvorsen er i fleire samanhengar blitt offentleg kritisert for å fronte SV sin politikk samstundes med at ho er finansminister. Det galdt til dømes i saka om boikott av israelske varer. Solhjell vil få endå mindre høve og slingringsmonn til å fronte SV sin politikk som statssekretær på statsministerens kontor.
SV har den ordninga at ein har to valkomitear, ein førebuande komite, og ein komite som skal arbeide under landsmøtet og leggje fram innstillinga si der. Valkomiteen som skal arbeide under landsmøtet, skal ifølgje fleire kjelder, vere delt på midten når det gjeld dei to kandidatane.
Mange har spådd at partileiaren får viljen sin, når ho legg breisida til på landsmøtet.
Men striden kan opne for ein tredje kandidat som nestleiar ved sida av Audun Lysbakken. Det er fleire som ønskjer seg ein nestleiar med forankring og røynsle frå kommunepolitikken.