<br/>Astrid klar for slottet
Astrid Akselsen (31) har funne sine to gallakjolar til dobbelfesten i Oslo for Mette-Marit og Håkon. Statsrådfrua inntek Slottet for fjerde gong.

OVE A. OLDERKJÆR
Ein muskatfarga amerikansk kreasjon til regjeringa sin middag til ære for det kongelege brureparet på Akershus slott fredag kveld. Ein flaskegrøn nederlandsk kjole til bryllaups-middagen på Slottet laurdag.
Svært nøgd
Kona til olje— og energiminister Olav Akselsen (36) er svært nøgd med antrekka som Solbjørg Fagerbakke på Galla brudesalong på Bømlo har funne til henne. Astrid Akselsen gler seg til bryllaupet, og er samstundes nervøs.
— Tenk eg skal sitja til bords med folk eg elles berre ser i blad og aviser. Eg håpar eg får sitja ved sida av Olav, seier Astrid Akselsen idet ho prøver dei nye gallakjolane i forretningen til Solbjørg Fagerbakke.
- Framleis Astrid
— Du er elegant og flott, og framleis Astrid, seier Solbjørg Fagerbakke, som får skryt av Astrid for service og fagleg rettleiing med på-klednaden.
— Du må hugsa å ikkje ha bare skuldre, seier Solbjørg og minner Astrid om sjalet.
— Huff, det er mange ting å hugsa på. Kva tid eg skal bruka hanskar og slikt. Eg får spørja Karita, seier Astrid og ler.
— Eg får "krelo" av å ha hanskar langt oppetter armane. Eg er eit kvardagsmenneske som best likar å gå i dongeri og treningsdrakt, seier den 158 cm høge statsrådfrua som arbeider som lærar på heimstaden Håvik på Bømlo.
- Tøff Mette-Marit
Oljeministerfrua har respekt for brura ho no skal til hovudstaden for å feira.
— Ho er eit vanleg menneske som har levd eit vanleg liv. Ho må vera tøff som går frivillig inn i ei slik rolle. Det er bra at kronprinsen får velja på denne måten, seier Astrid Akselsen, som har handhelst på den komande kronprinsessa.
Sjølv gifta Astrid seg med sin Olav frå Stord i 1997. Medan dei i helga er i Oslo, skal Olavs søster passa på borna Sønneva (5) og Olve (3). Sist gong Stord-paret var på gallamiddag på Slottet, bar både Astrid og Olav sunnhordlands-bunad. Dronning Elisabeth blei så begeistra for draktene at ho stoppa opp og gav kompliment.