Vatn har samla seg i Skatestraumtunnelen

Enno uvisst om når tunnelen kan opnast att.

HØG VATNSTAND: STATENS VEGVESEN

Pumpene i tunnelen skal ha fungert under storbrannen, men på grunn av undersøkingar har dei vore stengd i fem dagar.

Difor har det samla seg ein heil del vatn i oppfyllingsbassenget.

PÅ VENT: Skatestraumtunnelen var ikkje prioritert for oppgradering før brannen. «Tunnelsikkerhetsforskriften» vart først gjort gjeldande for fylkesvegar frå 1. januar i år.

Les også:

Les også

Utvidet undersøkelse av tunnelbrann i Bremanger

— Det var behov for å tømma det. Pumpene vart difor slegne på og dei verkar tilsynelatande bra, og vi klarar å verta kvitt vatnet, seier Eivind Yttri, fungerande avdelingsdirektør for vegavdeling Sogn og Fjordane i pressemelding tysdag.

I fyrste omgang skal dei leggja ut lenser i fjorden. Deretter skal Skatestraumtunnelen spylast fri for oske og brannrestar.

Kor mykje brannen har herja med tunnelen er såleis for tidleg å sei. Det er heller ikkje klårt kor lang tid det vil ta før tunnelen vert reparert.

— Eg håpar vi kan seie noko meir om dette innan nokre få dagar, fortel Yttri.

Les også: