Vart sjukare av ME-lynkurs

ME-pasienten Anette Gilje vart så sjuk etter eit Lightning process-kurs at legen sende henne rett på rehabilitering.

Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over 14 år gammel

— Etter kurset var eg dårlegare enn på mange år, seier Anette Gilje.

39-åringen er ein av mange hundre norske ME-pasientar som har prøvd tredagarskurset Lightning process.

Gilje, som har hatt ME (kronisk utmattingssyndrom) i tretten år, hadde høyrt at andre ME-pasientar raskt kom seg på beina etter kurset. Ho bestemte seg for å prøve, og gjorde nøyaktig som ho fekk beskjed om på kurset:

— Vi skulle kvitte oss med alle hjelpemiddel, så eg kasta ut rullestolen og sa opp heimehjelpa. Eg ville så inderleg bli frisk!

Bente ut av rullestolen på tre dager

Måtte avbryte

Men miraklet skjedde ikkje. I dag, tre månader seinare, er rullestolen på plass igjen. Gilje, som etter kurset brukte det meste av kreftene på å gå og vere fysisk aktiv, vart berre sjukare og sjukare.

Til slutt fekk ho beskjed av legen sin om å avbryte. Lightning process-metoden var helsefarleg for henne.

— Det var sårt. Eit stort nederlag. Særleg fordi instruktørane insinuerte at det var min eigen feil om eg ikkje vart frisk, fortel Gilje.

Phil Parker, mannen bak Lightning process, sa denne veka til BT at det er enkelt å bli kvitt ME ved hjelp av hans treningsmetode.

— Eg blir både skremt og provosert av at Phil Parker lovar at alle blir friske av hans «vedunderkur», seier Gilje.

— Blir du ikkje frisk, får du høyre at det er din eigen feil, fordi du gjer det på feil måte eller ikkje er motivert nok. Belastninga ved å vere sjuk blir endå større.

Skifta kurs etter at venninna blei frisk

Måtte på rehabilitering

På kurset fekk deltakarane høyre at ME ikkje finst, men at kroppen skapar ME-symptom på grunn av stress.

— Eg vart fortalt at eg måtte forandre negative tankemønstre, og jobbe mentalt for å bli kvitt symptom eg skapte sjølv. For meg var det sterkt å høyre. Etter kurset fekk vi beskjed om å tenkje på oss sjølve som friske, fortel Gilje.

Fordi ho brukte alle krefter etter kurset på å vere i aktivitet, fekk ho større og større helseproblem, mellom anna krampe i beina og store smerter. Til slutt vart ho så sjuk at ho enda på eit helse- og rehabiliteringssenter på Lillehammer for å kome til krefter igjen. Der er ho enno.

— For min del har eg innsett at ME ikkje har utspring i noko psykologisk. Det er ein alvorleg nevrologisk sjukdom utløyst av ein infeksjon, seier Gilje.

No er ho redd for at fleire kursdeltakarar overprøver signal frå kroppen, latar som om dei er friske og går utover grensene sine.

— Det kan smelle hardt tilbake. I verste fall kan dei bli liggjande åtvarar Gilje.

Denne veka har ei rekkje ME-pasientar fortalt om gode resultat etter Lightning process. Gilje ønskjer å nyansere biletet.

— Ikkje for å ta motet frå nokon, for eg synest det er fantastisk om andre blir friske. Men det er viktig å stå fram og fortelje at metoden ikkje passar for alle.

Har du noen erfaring med ME? Legg inn dine kommentarer under!

Publisert: