Her barkar dei saman inne i tunnelen: – Kunne blitt heilt tragisk

Videoopptak viser to menn som slår laus på kvarandre inne i tunnelen.

Publisert: Publisert:

Tidleg fredag morgon spanderte politiet på seg eit ropeteikn då dei tvitra om slagsmålet inne i Knappetunnelen.

– Det ramla inn med naudtelefonar og Statens vegvesen såg det på sitt kamera. Det var rett og slett to personar som hadde stansa bilane og slåst inne i tunnelen. Ei noko spesiell melding, sa operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Køyrde vidare

BT har fått tilgang til videoopptaket, som viser at dei to bilane stoggar i venstre felt. Først går ein person ut av den fremste bilen, deretter kjem bilisten i bilen bak også ut.

Så byrjar dei å knuffe, slå og sparke mot kvarandre inntil tunnelveggen. Samtidig passerer trafikken til høgre for dei.

Dette skjedde i feltet retning sentrum/nord. Etter ei kort stund sette mennene seg inn i bilane og køyrde vidare.

Sjåførane sin samanstøyt førte til ei rekke telefonar til naudetatane.

– Farleg

– Dette kunne blitt heilt tragisk for både sjåførane og andre førarar som kom bak.

Det seier seksjonsleiar ved drift og vedlikehald i Vestland Fylkeskommune Eivind Yttri.

Han fekk beskjed om hendinga i Knappetunnelen i dag tidleg, og blei overraska.

– Dette skjer ikkje ofte akkurat. Men den neste tanken som opptok meg var kor farleg dette var.

Han fortel at det er kort sikt på denne plassen i Knappetunnelen, og at faren for kollisjon er stor for dei som kjem bakfrå.

– Det kunne blitt store materielle skader, skade på førarane og andre bilistar, og i verste fall branntilløp, seier han.

Eivind Yttri, seksjonsleiar for drift, vedlikehald og beredskap i Vestland fylkeskommune.

Ikkje oppretta sak

Operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet opplyser at to patruljar køyrde gjennom tunnelen etterpå for å sjå etter bilane, utan å finne dei. Det vart heller ikkje gjort funn på kamera i området.

Oppdraget vart meldt klokka 06.19 og avslutta 20 minutter seinare.

Førebels har ikkje politiet oppretta sak, fortel jourhavande jurist Ole Vallestad Emmerhoff i Vest politidistrikt.

Verken politiet eller Vegtrafikksentralen kjenner bakgrunnen for slåstkampen.

– Dei verka ganske oppskjørta, og utan tanke for risikoen dei tok, seier Yttri i Vestland fylkeskommune.

Han seier vidare at han ikkje veit noko om kvifor førarane vart «så heite i toppen».

– Det er uansett spesielt at dei utset seg sjølv og andre for ein slik fare.

Publisert: