Då Rune opna magen på torsken, fann han noko ekstraordinært

– Eg har sett at fiskane har ete mykje rart, men aldri ei heil solbrille. Torsken har teke den i eit jafs, seier hobbyfiskar Rune Meyer Amundsen.

Eit par solbriller var truleg denne torsken sitt siste måltid.
Publisert: Publisert:

Tysdag skulle Rune Meyer Amundsen sjekke torskerusa si ved Storholmen i Eidsvåg.

Det var gått ei veke, og han var fornøgd med at det sumde eit par fisk der.

Det var ikkje før han skulle sløye ein av fiskane dagen etter, at han oppdaga noko heilt utanom det vanlege.

– Då kjente eg at det var noko hardt i magesekken. Eg trudde først at det var eit langt skjel, men då eg snitta opp magesekken, oppdaga eg at det var eit solbrillepar. Dei var heilt intakte, forklarar Meyer Amundsen til BT.

Han anslår at torsken var på rundt 1,5 kilo, og at den såg heilt normal ut ved fyrste augnekast.

Men mageinnhaldet viste seg å vere stikk motsett av normalt. Det peika mot eit spesielt siste måltid for denne fisken.

– Folk fiskar ikkje med solbriller

Meyer Amundsen jobbar til vanleg som pilot på redningshelikopter i Tromsø. Når han har fri og er heime i Eidsvåg, er fiske noko av det han syslar med. Han seier at han har drive med hobbyfiske sidan 90-talet.

Likevel har han aldri sett mageinnhald som liknar på solbrillene han fann onsdag.

– Eg har sett at fiskane har ete mykje rart, men aldri ei heil solbrille. Torsken har teke den i eit jafs, konstaterer han.

Solbrillene skal vere intakte og fullt brukbare, men det får ikkje torsken glede av.

Tidlegare har hobbyfiskaren fått fisk som har togge i seg heile slukar.

– Men det er jo ikkje så rart, då det er noko folk fiskar med. Folk fiskar ikkje med solbriller, seier Meyer Amundsen.

Føreslo å sleppe fisken laus

Familien på Eidsvåg har humra godt av det spesielle funnet.

Det har seg nemleg slik at sonen til Meyer Amundsen tidlegare har mista solbriller til ein verdi av 5000 kroner ved brygga til familien.

Difor augna kona hans håp då det dukka opp ein torsk som tilsynelatande livnærer seg på denne typen briller.

– Ho sa at eg kunne sleppe fisken uti, då det kunne vere at den finn desse brillene også, humrar Meyer Amundsen.

Torsken vart sløgt og gjeven til systera til Meyer Amundsen, medan solbrillene er lagt i garasjen. Han fortel at det verkar som at dei utruleg nok er uskadde.

– Så om det er nokon som saknar eit par solbriller, kan dei hente dei her hjå meg på Eidsvåg, seier han.

– Mykje rart

– Eg har høyrt om mykje rart i torskemagar, men dette er det første solbrillefunnet, seier forskar Bjarte Bogstad ved Havforskingsinstituttet.

Han fortel at torsken som liten har krepsdyr på menyen, og så går den over til å eta fisk når den blir større. Den kan ete fiskar som er opp til halvparten så lange som torsken er sjølv.

– Torsken er glupsk eg et alt mogeleg som den får i kjeften, seier Bogstad.

Han forskar mest på torsk frå Barentshavet, og kan fortelje at plast og ting som ikkje høyrer heime i torskemagar er eit kystfenomen.

– Eg har sløgd tusenvis av torsk frå havet, og der er slike funn av til dømes plast, svært uvanlege.

Ifølgje ein studie, som NRK skreiv om i 2016, har heile 27 prosent av torsken som sømjer i hamnebassenget i Bergen slukt plast.

Publisert: