13:06:19Nyheterdirekte

Festet innlegg
Pål Kårbø tilbake til KrF
10. oktober kl 21:06av Adalheidur Oldeide, Paul André Sommerfeldt

Pål Kårbø
Pål Kårbø
FOTO: PAUL S. AMUNDSEN

«Etter 2 mnd som partipolitisk uavhengig i Hordaland Fylkesting har eg bestemt meg for å gå tilbake til KrF», skriver Kårbø på sin egen Facebookside. 


Kårbø varslet i midten av august at han meldte seg ut av KrF og inn i Høyre. 


– Det er bedre at jeg trekker meg nå enn at jeg vinner en førsteplass i nominasjonskampen og så trekker meg, eller om jeg skulle tape en førsteplass og være sur, sa Kårbø til BT i august.


Nå gjør han altså helomvending. Onsdag kveld skriver han på Facebook at han «er en KrF-er, om så en gulblå en».


Kårbø har tidligere markert seg som en forkjemper for at partiet burde følge Venstres eksempel og gå inn i regjering med Høyre og Fremskrittspartiet. 


Innlegget han publiserte like før klokken 21, har på kort tid fått flere titalls gratulasjonsmeldinger. 


Kårbø har siden 2015 vært fylkesvaraordfører i Hordaland.  


Det har ikke lyktes BT å få en kommentar fra Kårbø.


Siste innlegg
Har du tips eller spørsmål om dette emnet? Vi vil gjerne høre fra deg!
Send melding
  • av Pål Andreas Mæland
    25 min

    Rådmann meldte Frp-politikar til politiet


    Osterøy-rådmann Ingvild Hjelmtveit har meldt heradsstyremedlem Ragnar Tyssebotn (Frp) til politiet for trakassering og personforfølging, skriv Bygdanytt.


    Det er ein av dei tilsette i kommunen som har skrive ei avviksmelding på det vedkomande meiner er ei rekkje trakasseringar og krenkingar frå Tyssebotn.


    Rådmannen nemner i brevet fleire tilfelle av det ho meiner er truslar og grove skuldingar fra politikaren sin side mot ein tilsett i kommunen.


    – Ut frå eg blir fortald av Bygdanytt stiller eg meg i beste fall undrande til politimeldinga, seier Tyssebotn til avisa.


    Også i 2008 blei Tyssebotn meldt til politiet, av den dåverande rådmannen i kommunen.


    – Dei tykkjer vel eg er litt for kritisk til måten dei behandlar sakene på og prøver å pressa meg til å bli mindre kritisk, seier Tyssebotn.


  • av Pål Andreas Mæland
    mandag15:04

    116 innbyggjarar får ny kommune


    SKIFTAR KOMMUNE: Dette er området som skal inn i Høyanger kommune.
    SKIFTAR KOMMUNE: Dette er området som skal inn i Høyanger kommune.

    Grensa mellom kommunane Balestrand og Høyanger skal justerast slik at grunnkrinsen Nesse blir flytta frå Balestrand til Høyanger kommune. Det bur 116 innbyggjarar i krinsen, som er ein av fleire som har søkt om å få skifte kommune på Vestlandet.


    Endringa vil skje frå 1. januar 2020, samstundes som iverksettinga av samanslåinga av Balestrand, Leikanger og Sogndal til nye Sogndal.


    – Dette har vore ei vanskeleg sak å avgjere sidan det er gode argument frå både Nessane Grendelag og frå kommunane som no skal bygge nye Sogndal, seier kommunalminister Monica Mæland.


    Initiativet til å flytte området kom frå Nesse Grendelag. Departementet har hatt møter med dei involverte kommunane og representant for Nesse Grendelag før vedtaket vart fatta. Vedtaket inneber at bygdene Sæle og Lindane blir verande i Balestrand.


    – Eg har lagt avgjerande vekt på at denne endringa vil gje innbyggarane i Nesse krins ein betre kvardag med enklare tilgjenge til kommunale tenester, seier statsråden.


  • av Eystein Røssum
    søndag14:03

    Sterk vind gir pause ved fregatten 



    Kranlekteren «Rambiz» tok laurdag kveld ein pause i arbeidet ved havaristen KNM «Helge Ingstad», og gjekk attende til Hanøytangen. Der vil løftefartøyet liggje fam til veret tillater vidare arbeid ved havaristen, opplyser Forsvaret i ei oppdatering søndag formiddag. «Rambiz» har den siste tida arbeidd med å trekkje løftekjettingar under fregatten, saman med dykkarar. Det er meldt stiv kuling i Øygarden søndag. Det siste døgnet har havaristen lege i ro, ifølgje Forsvaret. 


Vis flere

Siste nytt fra BT