18:36:31Kulturdirekte

Siste innlegg

Tips oss
  • 15. desember14:18 av Erik Fossen

    Troldhaugen-sjef inn i Kulturrådet

    NYTT VERV: Sigurd Sverdrup Sandmo i KODE skal være med på å fordele statens kulturelle pengesekk de neste fire årene.
    NYTT VERV: Sigurd Sverdrup Sandmo i KODE skal være med på å fordele statens kulturelle pengesekk de neste fire årene.
    TOR HØVIK (FOTO)

    Sigurd Sverdrup Sandmo ble fredag utnevnt til medlem av Kulturrådet for fire år. Sandmo er direktør for KODEs komponisthjem Troldhaugen, Lysøen og Siljustøl. 

    De andre nye medlemmene av rådet er Jan Ole Otnæs, daglig leder for Nasjonal jazzscene, Luba Kuzovnikova, festivalsjef for Barents Spektakel, og Deeyah Khan, filmskaper og FN-ambassadør for kunstnerisk ytringsfrihet. 

    Kulturrådets hovedoppgaver er å forvalte Norsk kulturfond og være rådgiver for Staten i kulturspørsmål.

  • 14. desember13:16 av Ingvild Vereide Nave

    Kostnadssprekk for 4,7 meter høg «brennmanet»-skulptur

    Slik er det tenkt at skulpturen "Re-source" sjå ut når den blir montert langs Store Lungegårdsvann.
    Slik er det tenkt at skulpturen "Re-source" sjå ut når den blir montert langs Store Lungegårdsvann.
    Illustrasjon

    Ein kostnadssprekk på rundt 100.000 kroner gjer at bergenserane må vente lenger enn planlagt på den lysande skulpturen som skal setjast opp i skulpturløypa rundt Store Lungegårdsvann. 

    Eigentleg skulle skulpturen «Re-sources» av Oskarsson & Nordström blitt montert i november, men no er prosjektet utsett.

    – Det viste seg at å produsere beina på skulpturen blei mykje dyrare enn planlagt. Korleis vi skal løyse dette skal kunstkomitéen diskutere over nyttår, men truleg vil den vere på plass i mai, seier kunstfagleg prosjektleiar Bjørn Inge Follevaag.

    Skulpturen skal ha 15 bein på rundt 3 meter. Totalt har skultpuren ei kostnadsramme på 690.000 kroner, inkludert frakt frå Stockholm til Bergen og montering.

    – Det er ikkje ein veldig dyr skulptur, og ikkje ein enorm sprekk heller, men kunstnarane har formelt sett påteke seg kontraktsmessige forpliktingar. Vi må finne ut korleis vi kan finne ei minneleg løysing, seier Follevaag.

    MANET: Om natta vil skulpturen lyse opp stien rundt Store Lungegårdsvann.
    MANET: Om natta vil skulpturen lyse opp stien rundt Store Lungegårdsvann.
    Illustrasjon

  • 13. desember11:23 av Ingvild Vereide Nave

    Ny besøksrekord for Kode

    BLID: Museumsdirektør Petter Snare er svært nøgd med besøkstala for 2017.
    BLID: Museumsdirektør Petter Snare er svært nøgd med besøkstala for 2017.
    Eirik Brekke

    I løpet av 2017 har heile 250.000 besøkt Kode Kunstmuseer og komponisthjem. Det er heile 30.000 fleire enn i fjor.

    –  Det er fantastisk. Vi har aldri hatt fleire besøkande enn i år. Eg trur årsaka til rekorden er løn for godt arbeid over lang tid, fortel Kode-direktør Petter Snare. 

    I store deler av fjoråret var Permanenten (Kode 1) stengt på grunn av rehabilitering. Etter bygget opna  med dronning Sonja si utstilling i mai har 34.000 personar besøkt bygget.

    – I år har store deler av Kode 2 vore stengt, så vi byter litt om på det. Ein sal er open, og der blir utstillinga til Chiharu Shiota vist. I løpet av ein og ein halv månad har rundt 8.000 komt for å sjå den. Det trur eg må vere ein slags rekord også, seier Snare. 

    Chiharu Shiota si utstilling i Kode 2 har hatt rundt 8.000 besøkande på ein og ein halv månad.
    Chiharu Shiota si utstilling i Kode 2 har hatt rundt 8.000 besøkande på ein og ein halv månad.
    Odd Mehus
Vis flere

Siste kulturnyheter

    Siste filmanmeldelser

      Siste musikkanmeldelser

        Siste kunstanmeldelser

          Siste bokanmeldelser

            Siste teateranmeldelser

              Siste restaurantanmeldelser