Eg vil bli kompis med ein alpinist

Dei norske alpinistane vann OL. Denne gongen og.

TRIVELEGE KARAR: Kjetil Jansrud og Aksel Lund Svindal fekk sølv og gull i utfor i Pyeongchang. Poppe, Cornelius / NTB Scanpix

Ikkje fordi dei er best heile tida, men fordi dei er så trivelege.

Så trivelege at New York Times fatta interessa. Kva er løyndomen, spurde dei. At det ikkje er plass til «jerks» på laget.

Finn Christian Jagge sitt gull i Albertville er eitt av mine fyrste minner frå alpinverda. 26 år seinare har eg til gode å sjå ein kjip alpinist.

Har dei dagen, er dei jublande glade. Har dei ikkje, er dei uansett positivt innstilte til framtida. Eg har aldri høyrd alpinistane skulde på smørjarane.

Rett nok kan dei bli sure, men dei er aldri sutrete. Kjetil Jansrud blei forbanna då han køyrde ut i storslalåmen. Ikkje for sin eigen del, men av respekt for laget.

Og Henrik Kristoffersen såg litt forbanna ut på eit tidspunkt då han leia (!) storslalåmen. Grunnen var at Leif Kristian Nestvold-Haugen ikkje makta å følgje opp den gode fyrsteomgangen, og hamna utanfor pallen. Det kunne virke som han blei skuffa over å ikkje bli slått av sin eigen lagkamerat.

Ikkje berre er dei trivelege. Dei er historiske. Fyrst ved Ragnhild Mowinckel, som med sølv i storslalåm tok Noreg si fyrste OL-medalje i alpint for kvinner sidan 1936.

Og så har du far i huset, Aksel Lund Svindal. Aldri har ein så kjekk mann vore så triveleg.

Med det mest skranglande kneet i OL, tok han Noreg si fyrste gull i utfor. Og hadde han ikkje vunne sjølv, kan du banna på at han hadde vore vel så glad på kompisen Jansrud sine høve.

Eg vil bli kompis med ein alpinist. Eller ha eit lynne som ein alpinist. Om fleire tar lærdom av innstillinga deira, trur eg kvardagen blir betre for ein kvar. Kanskje verda blir ei betre stad å vera.