– Eg har ikkje vore gammal før!

SNART 60: Den tida nærmar seg då alderen tek til å krevja offer, skriv Knut Langeland, her under Sykkel-VM sitt publikumsritt. Tor Høvik

Det er nett før eg rundar 60. Eg er komen til eit punkt i livet, der eg merkar at eg tek til å kjenna ekstra etter. På verk og skavankar, på pust og hjartebank. Var det ein ulyd der? Var trappene ekstra tunge i dag? Pip det i lungene når eg pustar?

Så let eg det kanskje gå ein dag eller to, og som regel går det over, det som kunne ha vore eit illevarslande symptom, eit varsku, eit signal om at eg kanskje burde leggja meg inn til observasjon.

Eg har runda 25, 30, 40 og 50, og ved kvart jubileum har eg kunna framføra meir eller mindre jamrande forteljingar om kor ilt det er å bli gammal. Det har berre vore fjas, sjølvsagt. Eg har vore ung og sprek og etter måten viril gjennom all denne jamringa, og framleis kjenner eg at eg er mellom dei som standhaftig kan hevda, at alder er berre eit tal.

No står 60 for døra, og det som har vore rein kokettering, har fått eit drag av alvor over seg. Den tida nærmar seg då alderen tek til å krevja offer. Ikkje berre liksom-offer som ikkje har særlege praktiske konsekvensar, men verkelege offer, livskvalitetsreduserande offer, som eg kan håpa let venta på seg, men som kjem. På eitt eller anna tidspunkt.

Eg hugsar eg møtte ein sambygding på kjøpesenteret for nokre år sidan. Det var ikkje kvar dag vi møttest, så vi slo no av ein prat. Han sto der, smattande på pipa si som han brukte å gjera, mens han venta på at kona skulle bli ferdig med innkjøpa. No kan eg kjenna meg litt att i det han sa.

– Korleis går det? spurde eg.

– Nei, du veit, Knut, gikta verkjer, og synet sviktar. Og så er eg låk i føtene og går ikkje så godt lenger. Men eg veit ikkje, eg. Det er gjerne slik det skal vera. Eg har ikkje vore gammal før!