– Det er noko herleg frigjerande å vera saman med andre nakne kvinner

I badstua sat det sterke kroppar. Store, små. Hengslete, stramme. Kven brydde seg?

Publisert:

Sakn: BTs journalist, Guro Valland, ser tilbake på familiebadinga på Voss som vekas høgdepunkt. Foto: Arkivfoto

Om eg let att augo, hugsar eg det som om det var i går. Føter på flisegolv. Ganske skummelt, eigentleg. Men, å, så kjekt å hoppa uti vatnet etterpå.

Familiebadinga på Voss var vekas høgdepunkt. Bassenget var stappfullt. Det var eit einaste stort slektstreff av badegalne menneske.

Etterpå dusja me. Lenge.

Hadde me ekstra god tid vart det tid til badstue. Her sat det staute kvinner med barkehud. Andre med engleskinn. Funksjonelle kroppar. Sterke kroppar. Store, små. Hengslete, stramme. Kven brydde seg? Her skulle det kokast.

Les også:

Les også

- Jeg kunne ikke skrive om temaet, uten å faktisk vise hvordan jeg ser ut.

Men så tok det slutt. Eg bada ikkje lengre. Svømming vart til tredemølle. Fellesdusj til badet heime.

I kvardagen dekkjer me oss til. På badinga er me liksom heilt like. Ser kor me kjem frå. Er kvinner saman.

Då eg endeleg kom meg i Sentralbadet for nokre år sidan slo det meg. No som mykje eldre, og ikkje ei lita badenymfe som brydde seg meir om crawl enn opphav. Det er noko herleg frigjerande å vera saman med andre nakne kvinner.

Ein bør gjera det oftare. Sjå at det finst ulike rumper, puppar, lår, armar. Kjenna på kjensla av å sjå på ei levd kvinne. Ein kropp som verkar. Ei ung kvinne. Mammo, tanto, besto.

Fellesdusjen er ei påminning om at me alle lever saman i dette livslange prosjektet som kallast livet.

Publisert: